AUF, Unge Høgre og FpU i vatnet i uhøgtideleg debatt 

Ungdomspartia gjekk i nærkamp på bryggjekanten for å svare mest mogleg konkret på 25 sekund. Dei som ifølgje publikum lukkast dårlegast, hamna i vatnet. 
innenriks

Svara ungdomstoppane gav på ulike spørsmål om skulepolitikk sende både AUF-leiar Mani Hussaini, FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud og Syver Hanken frå Unge Høyre på rygg ut i vatnet utanfor Aker Brygge i Oslo.

Det hjelpte ikkje at Hussaini kjapt greidde ut for løftet til Ap om 3.000 nye lærarar, og at Svendsrud tok til orde for å fjerne sidemål i skulen. Heller ikkje argumentet til Hanken for fråværsgrensa heldt til å overtyde dei som deltok i den høgst uhøgtidlege avstemminga.

Utgangspunktet var at politikarar som snakkar tåkeprat, skulle hamne i vatnet. Den såkalla straffedebatten blei overført på VGTV og på Nordic Screens TV.

Arrangementet var ein del av kampanjen «Ta Valget», som har som mål å få fleire først- og andregongsveljarar til å bruke stemmeretten i stortingsvalet 11. september.

Komikar og youtubar Maria «Piateed» Stavang (22) er blant dei som gjennom videoar på YouTube og Facebook skal inspirere unge nordmenn til å bruke stemmeretten.

(©NPK)