Ny bistandsinstruks skal forenkle samarbeidet mellom politi og forsvar

Regjeringa la fredag fram forslag til ei heilt ny sikkerheitslov og ein bistandsinstruks som gjer at Forsvaret kan assistere politiet raskt og effektivt.
innenriks

– Samfunnets samla ressursar må utnyttast best mogleg, og det er viktig at Forsvaret og politiet samarbeider godt, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) om bakgrunnen for den nye bistandsinstruksen.

Den nye instruksen er både forenkla og forkorta og skal sikre at avgjerder blir tekne hurtig. Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet får likevel ei moglegheit til å gripe inn og stoppe vedtak om bistand.

– Bistandsinstruksen er forenkla og forkorta slik at avgjerder kan takast så raskt som mogleg i ein krisesituasjon, seier statsminister Erna Solberg (H).

Dagens sikkerheitslov er frå 1998. Den heilt nye sikkerheitslova som regjeringa no foreslår, er meir moderne og famnar breiare enn lova i dag, og tar blant anna mykje større omsyn til digitalisering og vår avhengnad av nettet.

– Den skal sikre meir effektivt førebyggjande arbeid mot terror, spionasje og sabotasje, seier Solberg.

– Beredskap mot terror er samansett og krev store ressursar og eit godt samarbeid. Det viser ikkje minst erfaringane frå 22 juli 2011, seier statsministeren.

Ho legg til at ho har registrert at samarbeidet mellom Forsvaret og Politidirektoratet ser ut til å vere forbetra.

– Eg er glad forsvarssjefen og politidirektøren no opplever samarbeidet som godt, seier ho.

(©NPK)