Jordbrukssamtalane på Stortinget braut saman

Forhandlingane på Stortinget om jordbruksoppgjeret braut saman torsdag kveld. Venstre fremjar difor fredag eit forslag til løysing i saka.
innenriks

Etter at forhandlingane mellom partane i jordbruksoppgjeret braut saman tidlegare i vår, blei det sendt over til Stortinget. Der prøvde samarbeidspartia til regjeringa Venstre og KrF, som vil ha meir pengar til bøndene enn Høgre og Frp, å finna fram til ei løysing saman med Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV. Men torsdag kveld braut desse samtalane saman.

Venstre fremjar difor eit eige forslag til løysing i saka. Forslaget inneber at saka blir sendt tilbake til regjeringa for vidare forhandlingar mellom partane, med ei auka ramme og enkelte føringar på innhaldet, opplyser Venstre.

– Vi har prøvd å finna ei løysing som både når måla i landbruksmeldinga, svarar forhandlingsinstituttet og sikrar ein ansvarleg pengebruk for landet. Det har dessverre ikkje lykkast, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande til NTB.


– Vi håpar difor at regjeringspartia og andre parti vil vurdera å stemma subsidiært for kompromissforslaget til Venstre når saka kjem til behandling i Stortinget, seier ho vidare.