Norsk reiseliv trur på ny knallsommar

Denne sommaren skal rekordmange norske og utanlandske turistar feriere i Noreg, ifølgje utanlandske turoperatørar og norske reiselivsrepresentantar.
innenriks

Heile 61 prosent trur at sommarsesongen i år blir betre enn 2016. Med andre ord ser vi fram imot ein fjerde knallsommar på rad.

– Stort meir kan ein ikkje ønskje seg som reiselivsminister, seier Monica Mæland (H).

133 representantar frå utanlandske turoperatørar og norsk reiseliv deltok i Innovasjon Norges Turistbarometer, som ser på forventa trafikk til og i Noreg i sommarmånadane. Heile 61 prosent meiner at sommaren blir mykje betre eller betre enn rekordåret 2016, mens 28 prosent trur den blir nokså lik som i fjor. Berre 11 prosent trur på nedgang.

– Sommaren er spesielt viktig for reiselivsnæringa. Då er det høgsesong både når det gjeld omsetning og talet på overnattingar. Eg håpar dei positive tala slår ut i lønsame bedrifter og solide arbeidsplassar, seier næringsminister Monica Mæland.

Undersøkinga blir underbygd av 15 prosent auke i bestilte flybillettar til Noreg mellom mai og august samanlikna med fjoråret.

– Optimismen rår i dei fleste marknadane, og det er særleg gledeleg at viktige volummarknadar som Tyskland og Nederland trur på god vekst, seier reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg Bente Holm.

(©NPK)