Sju av ti nordmenn er ikkje bekymra for å reise etter terrorhendingar

Sju av ti nordmenn lar seg ikkje påverke av terrorhendingane den siste tida, og vel same reisemål som før.
innenriks

Dette kjem fram i ei undersøking utført av Ipsos for skadeforsikringsselskapet Gjensidige. I den same undersøkinga oppgir 1 av 4 at dei i svært eller ganske stor grad vel andre reisemål enn tidlegare, som følgje av terrorhendingar. Det er likevel berre 16 prosent som oppgir at dei i svært eller ganske stor grad er bekymra for å reise. 8 prosent oppgir at dei reiser sjeldnare enn før som følgje av terror.

Undersøkinga viser at bekymringa for terror er størst blant rogalendingane, medan respondentane i Oslo oppgir at dei i liten grad er påverka av terrorhendingane.

– Dette viser at dei fleste nordmenn ikkje lar terror påverke reiseplanar, seier kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige.

4.300 personar har svart på spørjeundersøkinga, som er utført mellom 14. april og 17. mai i år. Dette er før terrorangrepa i Manchester og London. Rysstad viser likevel til at Gjensidige berre har fått fem-seks meldingar etter den siste terroraksjonen i London, i hovudsak frå kundar som vil avbestille reise.

– At få brukar moglegheita til å få dekt avbestilling, stadfestar også inntrykket av at folk i hovudsak reiser som før, seier han.

(©NPK)