Regjeringa gir kartgåve til over ein million kroner

Regjeringa gir nærmare halvannan millionar kroner til produksjon av kart til VM i orientering i Østfold i 2019.
innenriks

Dei nye karta vil koste regjeringa 1.350 000 kroner. Karta skal brukast under VM i orientering i Østfold i 2019. Etter meisterskapen får lokale orienteringsklubbar overta karta, opplyser kulturminister Linda Hofstad Helleland (H).

– På den måten vil dei komme til nytte for orienteringsløparar i alle aldrar. Orientering er ein idrett som passar for alle og karta vil få folk ut i skog og mark, seier Helleland.

VM i orientering arrangerast frå 13. til 18. august i 2019 med Sarpsborg som vertsby.

(©NPK)