8.100 dekar matjord borte – kvart år

Mellom 2004 og 2015 vart det årleg omdisponert 8.100 dekar matjord. Det er meir enn dobbelt så mykje som Stortinget har vedtatt som årleg maksimum frå 2020.
innenriks

– Statistikken viser at nedbygginga er størst der det er mest jordbruksareal å ta av, seier utgreiingsleiar Geir-Harald Strand ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

8.100 dekar svarar til nær heile Oslo innanfor ring 2 eller åtte gonger Midtbyen i Trondheim. Omfanget av omdisponert jordbruksareal er størst i Rogaland, Hedmark og Sør-Trøndelag

– Ein kan undrast på om dette kjem av mangel på alternativ, eller at jordbruksarealet ikkje blir opplevd som ein knapp ressurs der ein har mykje av det lokalt, seier Strand.

Nær ein firedel av nedbygginga skjer innanfor tettstader. Ytterlegare ein firedel skjer mindre enn 1 kilometer frå ein tettstad.

– Dette understrekar behovet for å auke medvitet om jordvern i by- og tettstadsplanlegging, seier han.

Stortinget har vedtatt at samla jordbruksareal som kan brukast til andre føremål enn matproduksjon, ikkje skal overstige 4.000 dekar i året frå 2020.

Oversikta som NIBIO har utarbeidd saman med Statistisk sentralbyrå, avdekkjer at det årleg blir bygd ned om lag 1.000 dekar meir matjord enn det som er innrapportert frå kommunane. Ein analyse av ulike digitale kartdata ligg til grunn for talmaterialet.

(©NPK)