Holmboepris-vinnar: Alle kan meistre matte! 

Mattelærar Hanan Mohamed Abdelrahman ved Lofsrud ungdomsskole får Holmboeprisen på 100.000 kroner. Hennar filosofi er at alle elevar kan meistre faget.
innenriks

– Hanan Mohamed Abdelrahman er ein innovativ og nytenkjande lærar med eit brennande engasjement for matematikkfaget, seier Brynjulf Owren, leiar i Norsk matematikkråd, som står bak prisen.

-Ho set seg inn i og forstår korleis elevane tenkjer og kva dei slit med, og ho gir rettleiing til den enkelte ut frå deira føresetnader. Ho leitar stadig etter nye innfallsvinklar for å hjelpe elevane til å forstå, og ho anerkjenner deira eigne tankar, forslag og kreativitet, heiter det blant anna i grunngjevinga frå Holmboekomiteen.

Hanen har mastergrad i grunnskuledidaktikk med fordjuping i matematikk og held på med vidare matematikkstudium. Ho har gitt ut bok om matte for elevar og foreldre, driv med gratis leksehjelp og skriv om matte for Aftenposten Junior.

Prisen er på 100.000 kroner, som blir delt mellom prisvinnaren og skulen. Det er kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) som overrekkjer prisen på Oslo katedralskole 22. mai, der også årets Abelprisvinnar Yves Meyer vil vere til stades.

(©NPK)