Ny mellombels-lov for offentleg tilsette

Regjeringa legg fram ei lovendring som strammar inn moglegheita til å bruke mellombelse tilsettingar i offentleg sektor. 
innenriks

– Høg bruk av mellombelse tilsettingar i staten og spesielt ved høgskular og universitet har vore eit diskusjonstema i mange år. No gjer vi noko med det, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H), som legg fram lova kalla «Ansatt i staten» saman med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen før påske. Lova skal erstatte tenestemannslova, skriv Dagbladet.

I den nye lova skal blant anna mellombels tilsette i offentleg sektor få rett til fast stilling etter tre år, som i privat sektor, ikkje etter fire år som i dag.

– Vi er veldig fornøgd med at dette har ført fram og at lovverket i offentleg sektor blir harmonisert opp mot arbeidsmiljølova, seier leiar Petter Aaslestad i Forskerforbundet til avisa.

Tidlegare i månaden skreiv Klassekampen at delen mellombelse tilsette i den norske arbeidsstyrken mellom 15 og 74 år låg på 8,2 prosent i fjerde kvartal i fjor, men samtidig låg den på 19,7 prosent ved dei høgare utdanningsinstitusjonane. For nokre fakultet låg delen mellombelse tilsette oppe på 44 og 36 prosent.

(©NPK)