Fleire meiner at arbeidslivet går i ei autoritær retning

(NPK-NTB): 45 prosent av norske arbeidstakarar meiner arbeidslivet går i ei meir autoritær retning.
innenriks

Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) la måndag fram ein større forskingsrapport som måler om norske arbeidstakarar opplever meir eller mindre medbestemming på arbeidsplassen på ting som arbeidstid, arbeidstempo og innverknad på korleis ressursane skal brukast. Resultata bekymrar forskarane, skriv Dagsavisen.

– Dette er eit varsku for den norske modellen. Viss norske arbeidstakarar meiner vi går i ei autoritær retning, kan det innebere at det går føre seg ei innstramming i innverknaden deira. I ei undersøking frå 2009 svarte 89 prosent at dei hadde mykje og ganske mykje innverknad på eigen arbeidssituasjon. I undersøkinga vår er det same talet 77 prosent, altså 12 prosentpoeng lågare. Det er ein betydeleg nedgang, seier Eivind Falkum ved AFI.

– 45 prosent meiner arbeidslivet går i ei meir autoritær retning, og berre 10 prosent meiner det går i ei meir demokratisk retning. 25 prosent meiner det er uendra og 20 prosent veit ikkje, seier han.

Falkum forklarer resultata blant anna med at fagforeiningsgraden går ned. (©NPK)