Fagfolk kritiske til effekten av spabehandling

(NPK-NTB): Ekspertar har vurdert den påståtte effekten av behandlingar som blir tilbydd på norske spasentera. Dei er kritiske til det som blir lova.
innenriks

VG har bede fleire norske spa om å leggja fram ingredienslister og dokumentasjon på effekt av ulike behandlingar. Deretter har ekspertar gått gjennom dette.

– Her er det masse overdrivne skildringar og ting som heilt klart ikkje har noko med vitskap å gjera, seier fagdirektør Steinar Madsen i Legemiddelverket. Han meiner at det praktisk talt ikkje er mogleg å få reelle, varige forandringar på kropp og helse ved hjelp av ei spabehandling.

Ola Lillenes er informasjonssjef ved Nasjonalt Forskingssenter innan komplementær og alternativ medisin ved Universitetet i Tromsø. Han er uroleg for at folk med reelle helseproblem kan tru at spabehandlingar kan hjelpa dei til å bli friske.

– Viss du har eit helseproblem som du kanskje ikkje finn ein kur på hos legen din, er det ein viss sjanse for at du jaktar på løysingar andre stader. Som smertepasient vil du nok vera ekstra obs på signalfraser som «smertelindrande» og betennelsesdempande, seier han. (©NPK)