– Mål radon til hausten

(NPK): Statens strålevern minner om at sesongen for radonmåling er frå midten av oktober til midten av april. Etaten tilrår ikkje målingar i sommarsesongen.
innenriks

Strålevernet har nyleg fått fleire meldingar frå publikum om telefonsal av radonmålingar. Seljarane utgjer seg for å vere frå Statens strålevern. Men etaten understrekar at dette ikkje er tilfelle. Strålevernet sel ikkje måleutstyr.

Av og til gjennomfører Statens strålevern undersøkingar av radon som del av forskingsarbeid, men i slike tilfelle får bustadeigaren tilsendt eit brev med tydeleg informasjon om prosjektet. Det er alltid kostnadsfritt å delta i eit slikt prosjekt, fortel Statens strålevern på nettsidene sine.

Ei radonmåling skal gjennomførast som ei langtidsmåling, minimum to månader, i perioden frå midten av oktober til midten av april. Alle som leiger ut bustader er pålagde å kunne dokumentere radonnivået.

Ei radonmåling treng ikkje koste meir enn 400– 600 kroner, men prisane varierer. (©NPK)