Fjordhesten er Norge sin nasjonalhest, og i helga står den igjen i sentrum når ein inviterer til den tradisjonsrike hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Det er ein gamal og fin tradisjon ein i desse dagar samlast til igjen.

Bygda som er fjordhesten si vogge har vore møteplass og arena for kåring og premiering i nesten 140 år. Sidan 1886 har fjordhestar frå heile landet, og etter kvart også frå utlandet, samla seg på Nordfjordeid. Her skal dei beste dyra veljast ut – dei som skal føre slektene vidare.

Fjordingen med dei karakteristiske særtrekka er ein del av verdsarven vår, men også ein levande kulturarv frå vikingtida. I tidlegare tider vart den brukt som arbeidshest. I dag er den mest brukt til sports- og fritidshest.

Det er ingen tvil om at fjordhesten er ein kulturberar for heile landet. Den har klart å halde på særpreget, og ber på ein tradisjon og ein historie som er unik.

No er det klart for ny fest på Nordfjordeid, der fjordhesten står i sentrum. Utstillinga er i dag det høgste avlsmålet for fjordhingstar. Det er her retningslinene for framtidig avls- og bruksmateriale blir tekne i bruk i praksis, og det er ikkje lett å kome gjennom det berømte nålauget.

Siste dagane har fjordhingstane vore gjennom bruksvurderingar og veterinærundersøkingar, lausmønstring og laushopping, køyreprøver og mønstring.

Laurdag er den store dagen med kvalitetsoppstilling og premiering. Her får du oppleve dei flottaste fjordhingstane i verda. Det er alltid stor spenning til kåringane, og kven som kjem gjennom det berømte nålauget.

Det er vel verdt ein tur for å oppleve ein del av det som er kulturarven vår, sjølv om du ikkje er superinteressert i hest.

Laurdag skal beste fjordhingsten i verda veljast ut – og det i heimbygda vår.