Helse Førde raslar med sabelen, og vil kutte skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus.

Det er pengane som rår, og ikkje kva som er det beste for innbyggjarane i Nordfjord.

No må alle til barrikadane og kjempe – også dei andre kommunane i Nordfjord må vere tydelege på at vi ikkje aksepterer at skadepoliklinikken skal leggjast ned. Skjer det ei surfeulykke med eit beinbrot ut i Hoddevika, så må den skadde køyrast først 1,5 time for å kome til der Nordfjord sjukehus er, men i staden for å få hjelp skal den skadde losast til Førde. Forstå det den som kan.

Og kva med ambulanseberedskapen? Underteikna har sjølv opplevd å måtte reise skada med drosje frå Nordfjordeid til Førde, fordi ein ikkje kunne tømme regionen for ambulanse. Ambulansen måtte vere i beredskap i tilfelle noko meir alvorleg skjedde.

Dermed legg ein ansvaret over på drosjesjåførane, som må køyre skadde og dårlege pasientar til Førde. Har drosjesjåførane den helsefaglege kompetansen som trengst?

Ordføraren er klar i si tale: – Det er grunn til å slå full alarm. Saka har tatt ei vending som gjer at det er grunn til bekymring.

Det seier han ikkje for å skremme innbyggjarane i Nordfjord, men det seier litt om kor alvorleg det er at Helse Førde tappar distriktet vårt for tenester. Tidlegare har dei mellom anna kutta gynekologen, for kvinnehelse er ikkje så viktig når ein bur i Nordfjord.

Lenger reiseveg når ein er skada er ikkje ei god løysing. Vi vil ha hjelp ved lokalsjukehuset vårt, og ikkje køyre forbi sjukehuset og få to timar lenger reiseveg. Og kva gjer ein når eit sommarleg Nordfjord er overfylt med cruiseturistar. Også dei kan skade seg.

No må vi stå saman om Nordfjord sjukehus nok ein gong.