Dette er leiaren i Fjordabladet fredag 17. januar 2022:

Den nasjonale nedgangen i talet på fødde har dermed råka også vårt distrikt.

Det er store tal, men varaordføraren i Stad meiner det ikkje er grunn for panikk, og kommenterer mellom anna at ein ikkje kan tvinge folk til å føde barn heller. Det kan ein sjølvsagt ikkje, men vi synest likevel at det låge fødselstalet er urovekkande.

Vår regionale plassering midt i Nordfjord kan gjere at vi har fått ein del tilflytting.

Det som er bekymringsfullt er at innbyggjartalet i Stad vert eldre. Vi får gjerne to sett med pensjonistar, og ser ein fram i tid kan vi lett få ei viss uro, for kven skal ta seg av dei eldre når vi manglar unge hender?

Det er viktig at Stad kommune er attraktive for etablering og busetnad.

Vi kan ikkje leve i ei boble og tru at alt er fint i kommunen vår, at det er nok berre vi er samskapande og har det kjekt saman.

Alle kan gjere sitt til å framsnakke staden vi bur på, oppfordre fleire til å flytte hit. For vi treng tilflytting til Nordfjord, og ikkje fråflytting. Vi treng at dei unge kjem heim igjen etter at dei har vore ute i verda, tatt utdanning og fått litt luft under vengene. Heile Nordfjord skrik etter arbeidskraft.

Så må kommunen vere i framkant på å ha attraktive bustadtomter – også i bygdene. Skal ein få unge til å bu her er det viktig at ein har nok barnehageplassar, gode barnehagar, og ikkje minst god skule med godt renommé.

Det må også vere gode tilbod som barn og unge kan drive med, og eit meir urbant kommunesenter gjer at fleire unge ikkje ser vekk frå å kome heim igjen.