Handelsstanden lovar liv og røre, og så satsar vi på at vêrgudane er i godlune.

Vi skal ikkje ta den lokale butikken som ein sjølvfølgje. Om handelen uteblir så må dørene stengast. Det er få som kan drive butikk av veldedigheit.

Vi slår gjerne eit slag for lokal handel. Det er godt nettvett å tenkje på våre næraste aktørar neste gong du skal handle ei vare – og ikkje alltid ta lettaste løysinga med å bestille på nett frå sofaen heime. Ved å handle hos nærbutikken gjer vi eit berekraftig val. Lokal handel er med på å styrke lokalsamfunnet vi sjølve lever i. Eit blomstrande næringsliv er pluss for oss alle. Det bidrar også til bulyst. Det er på den lokale butikken ungdommane våre får arbeidspraksis, og lokalbutikkane er viktige bidragsytarar til lag og organisasjonar.

Det har vore ei rivande utvikling av Nordfjordeid siste åra. Berre i sentrum har det vore investert for mangfaldige millionar kroner, og meir skal det bli.

Utvidinga av Alti Nordfjord har også gjort sitt til at Nordfjordeid har vorte ein meir attraktiv stad å reise til for handlande. Her har også kome butikkar som ikkje er i Nordfjord frå før. Vi ser på det som eit pluss. Sjølv om auke tilbod også betyr auka konkurranse mellom butikkane, så gir det større grunn for kundar å kome til Nordfjordeid, nettopp fordi dei har meir å velje i.

Nokre er bekymra over cruiseturistane, og at dei ikkje legg igjen pengar lokalt. Vi trur ikkje ein skal bekymre seg om det. Tilbakemeldingar frå lokale butikkar er at det er handel frå cruiseturistane.

I dagens avis kan de lese om Chatlet Sport 1 Nordfjordeid som fortel at utanlandske cruiseturistar er ivrige handlarar, og hos dei er det ull som går unna.