Dette er leiaren i Fjordabladet frå onsdag 31. mai:

I rufsete vêr gjekk Dragseidspelet av stabelen i helga. Sjølv om vêrgudane ikkje spelte på lag, sette Stadlandet Ungdomslag opp det historiske spelet På Sverdeggja for 14. gong. Her fekk ein servert sagaen om då kong Olav Trygvasson samla stormenn frå fire fylke til ting.

80 skodespelarar var i sving på friluftsscena på Dragseidet. Her var nokre få profesjonelle gjesteskodespelarar, men dei aller fleste var lokale amatørar. Nokon har vore med fleire gongar, andre var heilt ferske.

Mykje tid har gått med til øving. Berre fellesøvingane har gitt 3.200 timar med øving og terping. Det viser litt over iveren til å få spelet gjennomført. Historiske spel er regionale og lokale oppsettingar som tar utgangspunkt i fjern eller nær fortid. På Nordfjordeid skal Elskhug og eksis settast opp no i juni. Også her er dei fleste aktørane lokale amatørar.

Vi trur at slike historiske lokale spel gir stor verdi i lokalsamfunnet. Spela er bygde på lokal historie. Det er ein del av vår identitet – frå tida våre forfedrar har levd før oss.

Samtidig er slike spel samlande. Det er av stor verdi å jobbe saman om eit slikt dugnadsprosjekt - det å stå skulder ved skulder med eit felles mål, før ein stolte kan vise fram resultatet til publikum.

Men det er ikkje berre skodespelarane som er viktige. Bak kvart eit prosjekt står det ein haug av frivillige. Utan frivillige hadde Nordfjord og landet elles sett fattig ut. Då hadde vi ikkje fått til mykje.

Takk til alle som bidreg i det frivillige arbeidet, enten det er som amatørskodespelar, som kaffikokar til kalde vikingar, eller til kostymesying. De gjer alle ein viktig jobb i lokalsamfunna de lever i.