Skrive av Åge Starheim, pensjonist
Eg skjønar godt at Geir Årvik prøvar å fortelle Innbyggjarane i Stad kommune at det har vore ei god drift både for eldre og unge i denne 4-årsperioden. Det Geir Årvik kanskje har rett i er at skulen har fått det dei har bede om, men det er ikkje verkelegheita for dei eldre pleietrengande og dei tilsette i omsorgsektoren, som har ein svært tøff kvardag.
Vi som er medlemmar i pensjonistlaga både ser og høyrer om problema for dei eldre, som Geir Årvik ikkje vil sjå.
Verkelegheita er at det har vore ei omorgansisering og innsparing innanfor helse og omsorg på ca, 20 mill. Det er mange faktorar som har ført til dette. Ein må ha brukt assistentar for å erstatte kvalifisert hjelpepersonell. Kommunane har heller ikkje på mange år fått dei midlane frå staten dei trreng for å gje gode tenester, og det er mangel på fagfolk. Eg har i lang tid fylgd med i det som skjer og sett kva Høgre prioriterar. Det er dei rike og vellukka. Når det gjeld eldre og pleietrengande då er det stort sett berre vakre ord.
Eg var på Stortinget då vi hadde debatten om Samhandlingsreforma. Mine gamle parti, Frp og Høgre, var prinsipielt ikkje uening i reforma, men vi stilte spørsmåltegn og påpeikte at det ikke var nok penger til kommunane og nok fagfolk til å gjennomføre reforma på ein tilfredsstillande måte.
Når så Erna Solberg og Bent Høye fekk ansvaret frå 2013, så gjennomførte dei Samhandlingsreforma fullt ut. Dei overførte tunge tenester, både innanfor rus, psykiatri og helse til kommunane. Vi som har fylgt med ser at verken sjukehusa eller kommunane har fått dei nødvendige midlande som skal til for å gjennomføre reforma. Det som er like ille er at det ikkje er utdanna nok fagfolk til å kunne gje tilfredsstillande tryggheit til sjuke og eldre.
På grunn av tøffe arbeidsforhold i kommunane og på sjukehusa sluttar det altfor mange innanfor desse tenestene. Dette fordi dei føler at dei ikkje får gjort jobben sin på ein tilfredsstillande måte. Hovudårsaka er at dette ikkje er nok prioritert av politikarane.
No har helseminister Kjerkol lagt fram ei god plan for å styrke heimetenestene, slik at folk kan bu heime i tryggheit. Ho har dermed gitt marsjordre til lokalpolitikarane. Vi ser spesielt i revidert budsjett at regjeringa er villige til å bruke meir midlar til desse tenestene. Då er det opp til lokalpolitikarane om dei vil prioritere «kjekt å ha» eller gode og trygge tenester til innbyggjarane.
Geir Årvik og andre politikarar må ta inn over seg at den kommunen dei skal styre har eit overordna ansvar for å ivareta alle innbyggjarar, som av ein eller annen grunn treng kommuna si støtte frå vogge til grav, på best mulig måte.
Eg trur ikkje at vår kommune er tent med at Høgre har ei hand på rattet med å styre Stad kommune. Dette fordi her må det ein heilt annan fordelingspolitikk enn det Høgre står for til at eldre og pleietrengande skal ha ein trygg kvardag.