Skrive av Sylvia I Hammersvik

Ikkje lett å svare på det spørsmålet. 17. mai skulle vi besteforeldre møte opp ved barneskulen der barnebarna skulle vere med på leikar etter å ha gått i «prosesjonen». Når namnet på skulen kjem til syne: Christi Krybbe skoler anno 1740, er det umuleg ikkje å tenkje på barnehage- og skulerapporten som Agenda Kaupang presenterte for kort tid tilbake.. Skulen ligg ved Fløybanen i Bergen, og er Nordens eldste barneskule.

Christi Krybbe er ein liten skule, berre ei klasse på kvart trinn.

Trivselen er stor, og læringsmiljøet godt, viktige verdiar å ha med i diskusjonen. Skulen har heilt sikkert sine utfordringar utan at eg kjenner til dei.

Smått, lokalt og gammalt kan også ha noko for seg. Her har dei også greidd å byggje for framtida!!! – når skulen snart er 300 år. Det må ein kunne kalle ein stabil skulestad.

Skal tru korleis barnehage- og skulestrukturen vil bli i Stad kommune?

Det er nok ikkje berre storleiken det kjem an på. Ein god skole i nærmiljøet har mykje å seie både for barnet og familien, og heile lokalsamfunnet. Det er mange omsyn å ta.

Kva med trivsel i bussen? Kva med miljøavtrykket?