Dette innlegget er Vestland Senior Høgre ved leiar Roald Stigum Olsen:

Til dette programmet var representanter frå regjeringa, samt Høgre, invitert, men ville ikkje stille.

Partiet Rødt samt SV og Krf, stillte i programmet, foruten dei involverte intervjuobjekta som representerte den parten som var serdeles vanskeligstilte i forhold til retningslinjer som NAV bruker når det gjeld dagpenger i AAP.

Regjeringa og Høgre har sammenfallende interresse i å få folk ut i arbeid og å gjere bruk av si restarbeidsevne i staden for å gå på NAV og være passive trygdemottakarar. Det er basert på ein oppfatning av at det i enkelte høve er meir lønsomt å bruke NAV enn å gå til ein jobb som er ledig, noko som etter vår meining er ein god intensjon.

I dette direktesendte programmet som for øvrig er eit populært program, er det viktig å stille opp, først og fremst for regjeringa, men også for Høgre. Samtidig er det viktig å være oppdatert på reglementet som NAV arbeider etter og som er komt frå stortinget og kva som kan føre til utilsiktet problem for dei som må gjere seg nytte av NAV sine ordninger. Det MÅ ikkje være slik at viktige ordninger frå NAV skal være «hogd i stein» og ikkje være gjenstand for endringar når det er nødvendig.

Det siste året har mange opplevd ein heilt spesielt høg prisauke på varer, strøm og det som faktisk er heilt nødvendig for å overleve. Dette syner vel også igjen i den store auken av matutlevering som er skjedd dette siste året. Om lag 11 million måltider er levert ut dette året og mest auke i bl.a Trondheim, men stor auke også i dei andre byane våre. Dette er ikkje verdige tilhøve.

VSH anser det slik at før vi i Høgre holder fast på dagens ordning med dagpenger og sosiale trygdeordninger sammen med å bruke restarbeidsevna, så må vi ta ein grundig gjennomgang av og rundt problemstillinga, for at ikkje dagens ordning fører til utilsikta problemer for mottakarar av NAV-støtte i ulike former.

Intensjonen med at det skal lønne seg å arbeide framfor å være passive trygdemottakarar er fortsatt god. Men vi må sørge for at ingen må falle utenfor, og være oppdaterte på spesielle problemstillinger som kan oppstå. Debatten viser at det er mykje som kan oppstå dersom prisauke-kompensasjon ikkje blir tatt hensyn til no. Det er slik at kvar husstand får eit tap i kjøpekraften på ca kr 18 – 20.000.- dette året! Også det  er SVÆRT alvorleg for svært mange og det er spesielt trygdemottakarar som får svi.

Slik Debatten viste, vil ikkje seniorane i Høgre at vi skal ha det i Norge, verdans rikaste land. Regjering og Storting må syte for at vi ikkje får fleire audmjukande ordningar. Rydd opp!

Høgre må stille i alle viktige debattprogram, også DEBATTEN, og vere oppdaterte i forhold til situasjonen.

Prinsippet med at det skal lønne seg å jobbe, er viktig å halde på, men det er vel verd å gå gjennom alle konsekvensar i denne samanheng, - og gjera noko med det!