Dette innlegget er skrive av Ingunn Kandal, leiar i Sogn og Fjordane Nei til EU:

Stortinget vedtok i mars 2018 EU sin 3. energipakke og tilslutning til EU sitt energibyrå, ACER. Stortinget følgde då ikkje § 115 i Grunnlova, som ved avståing av suverenitet, krev ¾ fleirtal dersom dette er meir enn «lite inngripande». Og dette vedtaket har i det siste fått ny aktualitet, ved at norske styresmakter etter EØS-retten, ikkje kan gripe inn mot dei høge straumprisane.

I november 2018 tok  Nei til EU avgjerda om å  gå til sak mot staten, men staten godtok ikkje dette. Først i mars 2021, fekk Nei til EU medhald i Høgsterett om at saka kunne fremjast. Dommen i Oslo tingrett i november 2021, ga ikkje Nei til EU medhald, og Nei til EU har anka saka til lagmannsretten.

Saka startar i Borgarting lagmannsrett 31. oktober og er sett opp til å vare ei veke. Då saka var oppe i tingretten, var rettsforhandlingane tilgjengelege gjennom videostrømming. Men no har lagmannsretten avslått Nei til EU sin søknad om dette.

Nei til EU har meldt inn ei rekkje nye dokument og vitne i saka. Det blir spanande å sjå om det no blir eit anna utfall. Dette er uansett ei viktig prinsipp-sak, og utfallet vil ha svært mykje å seie for Noreg sin framtidige energipolitikk.