Ingunn Kandal er leiar for Raudt Sogn og Fjordane. Foto: privat

Dette innlegget er skrive av Ingunn Kandal, leiar i Raudt Sogn og Fjordane, og byggjer på fråsegn frå årsmøtet i Raudt Sogn og Fjordane.

Årsaka er at sentralstyresmaktene ved Olje- og energidepartementet no har stadfesta konsesjon på bygging av ei 420 kV kraftlinje Aurland-Sogndal.

Eit NRK-oppslag 23. februar har heilt rett når den karakteriserte denne kraftlinja som ein motorveg for straum mellom nord og sør i Noreg.  Men dette er eine sida av saka.  Den andre sida, og den alvorlegaste sida ved kraftlinja, er at den vil tene til å transportere dei sørlege straumprisane nordover til heile Sogn og Fjordane.

Det er kommunar sørom Sognefjorden og austafor den gamle kommunegrensa mellom Høyanger og Balestrand som til no har blitt skadelidande av skyhøge straumprisar. Desse uakseptabelt høge prisane skuldast at uregulert krafteksport har nådd eit prisimporterande nivå.  Desse straumkundane må no betale straumprisar som er styrt av høgare kontinentale og britiske straumrisar.

Regjeringa bryr seg ikkje ein gong om kva deira partifeller ute i organisasjonen og deira ordførarar seier.  Dei bryr seg ikkje med å reforhandle/absolutte avtalar med EU og dei avgrensar seg til å strø om seg med smular.  Dette plyndrar no ikkje berre dei økonomisk vanskelegstilte, men fleirtalet av den arbeidande befolkninga og arbeidsplassar.  Med den nye kraftlinja vil heile Sogn og Fjordane bli ramma.

Raudt Sogn og Fjordane meiner derfor at bygginga av den nye kraftlinja Sogndal-Aurland må utsetjast til dess vi har fått gjeninnført ein nasjonal energipolitikk, der kraft er teke ute av marknaden sitt klamme grep. Det må innførast ein makspris som gjeld for heile landet, og denne straumprisen må liggje på nivå med prisen som galdt før dei importerte straumprisane totalt overtok styringa.