Skrive av Miljøagentane i Kjølsdalen v/vaksenkontakt Thomas Hals

Miljøagentane Kjølsdalen vart i etterkant av sommarferien gjort merksam på at det i sommar var uttrykt uro i samband med observasjon av ei skummande kvit stripe i kjølvatnet av cruiseskipet MS Iona på veg ut Nordfjorden. Dette kjem fram i ein artikkel i Fjordabladet 8. juli. Mellom anna så er ordførar i Stad kommune Gunnar Silden (V) uroa for om dette kan påverke smolten.

Men då tenkjer vi i Miljøagentane at ordføraren og Stad kommune kanskje kunne gjere noko med dette? Ikkje berre vere urolig, og så vert det stilt?

Foto: Miljøagentane i Kjølsdalen

Etter å ha observert gjentakande kvite stripar i fjorden etter utslepp fra brønnbåtar og spyling av oppdrettsnøter i 2020, så tok Miljøagentane Kjølsdalen turen ut til eit slikt skumflak midtfjords mellom Davik og Ervik. Med oss hadde vi sterile vassflaskar som vi samla opp to gode prøver i. Desse sendte vi til NIVA (Norsk institutt for vannforskning) for analyse. Prisen på dette for lokallaget vårt var om lag 10 000 kronar.

Analyseresultata var i våre auge nedslåande, og bekrefta det vi frykta, at desse skumflaka inneheldt mykje farleg, mellom anna forhøga verdiar av kobber og verdiar av sulfid, arsen og kadmium som låg over tillate nivå ved oppdrettsanlegg.

Desse analyseresultata har vi meldt først til Mattilsynet. Svaret vi fekk derifrå var ganske intetsigende.

Vidare spelte vi inn resultata til Fiskeridirektoratet sin meldekontakt. Svaret derifrå var like intetsigende.

Miljøagentane har altså teke prøver, betalt for analyse og sendt rapport til myndigheiter som styrer med slike sakar, men vi føler det berre vert fine ord om ordningar og myndigheitskrav. Men ingen vaksne grip tak i det!

Kanskje ordføraren og kommuna kan gjere det?

Om utsleppet kjem frå cruiseskip eller annan næring er vel nett det same. Smolten bryr seg ikkje kvar utslepp kjem frå. Den vert påverka uansett. Kvifor tek ikkje kommuna prøver av skummet frå cruiseskipa, i staden for å “vere uroa”? Vi føler at alle berre fråskriv seg ansvar og ikkje tør å gjere noko. Kanskje er det pengar ein er redde for å miste? Vi er meir redde for å miste det økologiske mangfaldet i fjorden vår og fjordane elles i Noreg.

Vi meiner å ha handfaste bevis og analyseresultat på utslepp som bidreg til å øydeleggje dette mangfaldet. Men kva hjelper det med miljøkrav når dei ikkje vert praktisert?