Dette innlegget er skrive av Solveig Nome:

Vi var på veg frå Stårheim til Bryggja nyleg, for å ha ein koseleg tur til Bakerie og Butikken der ute…

Eg hadde barnebarna Maria, Maiken og Håkon med i bilen. Komne til Lund/ Reksnes ser vi ein bil imot oss i si køyrebane, men bak der ser vi DIN BIL!

Du har tenkt forbikøyring! Du stussar ikkje! Og vi er plutseleg 3 bilar imot kvarandre som skal klare dette!

Eg fekk bremsa litt, og

eg fekk til og med fatning til å slå i fløyta til deg to gonger!

Vi kom oss «klar»- eg såg dei to bilane i spegelen bak bilen vår fortsetje vidare på si ferd …

Kva skjedde ? Det heile gjekk så fort-

Vi veit ikkje å forklare det med anna enn EIT GUDS UNDER!

Bleik og sjokka køyrde eg vidare- medan vi forsøkte å snakke oss igjennom dette i bilen.

Eg er framleis både «skjelven» og på gråten…men ufattelig takksam!

Vi er så takksame for livet, for at vi kom til Bryggja, og heimatt.

Så glade for at ein slapp å oppleve ufattelig triste meldingar til to foreldrepar og sysken, og til min mann…ei heller til DI familie eller til dei i den andre bilen si familie.

Dette kunne ha gått så mykje mykje verre!

No bed eg innstendig, deg som tok sjansen, og alle dokke der ute som måtte finne på noko slikt: TENK DEG OM!

Det gjeld livet ditt og andre sitt! La oss sleppe å vere redde når vi skal ut på vegane!

La oss vere med på å skape trygg trafikk!

Helsing Solveig og dei tre glade barnebarna som var med i bilen og kom vel heimatt til Stårheim.