Av Bente Iren Vonheim, kokk, faglærar ved Restaurant- og matfag, medlem Norske kokkers landsforeining:

Det er umogleg å ikkje få med seg debattane om skulestrukturen i Nordfjord og Vestland no i desse dagar. Engasjementet er svært høgt og usemja i Nordfjord kan vi lese om dagleg. Når det herjar slik er det lett at nokon ikkje blir sett og høyrt. Av den grunn vil eg få fram ei viktig sak som fortener merksemd fordi den kan råke heile Nordfjord…

Det kan faktisk kome ei «matkrise»! Det kan høyrest litt dramatisk ut, men faktum er at om forslaget om å legge ned restaurant- og matfag i regionen blir verkelegheit, vil det få store konsekvensar for heile Nordfjord. Grunnen til det, vil eg prøve å gi eit bilete på no. Om forslaget går igjennom vil vi på sikt få ein region utan fagkompetansen ein treng for å produsere god mat av dei ypparste råvarene vi har rundt oss her.

Tenk kor trist det vil vere å ikkje lenger få tak i kokkar som kan lage mat til bryllaup, barnedåpar, konfirmasjonar og andre merkedagar.

Ein blir òg trist over å tenkje på at vi heller ikkje vil få fleire gründerar som flyttar heim og satsar i regionen, som for eksempel: Viviane Grotle med Vivis matglede i Bremanger, Andreas Foss Iversen på KB77//Kadaver i Måløy, Leon Knapskog på Aske og Minibakeriet på Eid, Sander Øen Omberg til Stryn eller Mathias Hopland Eikås som er den nye restaurantsjefen på Gloppen hotell.

Dette er berre nokre av dei tidlegare elevane frå restaurant- og matfag som hevar kvaliteten på å bu her. Vi bur i eit «postkort» og mange vil besøkje oss. Nordfjord er store på cruiseturisme og anna reiseliv, og reisande set krav til matopplevingar på lik linje med andre kulturopplevingar.

Sjølvsagt ønsker dei mat av lokale råvarer, men kven skal ta seg av dette når kunnskapen og kompetansen vil forsvinne frå regionen vår? Det er faktisk mange arbeidsplassar knytt til denne voksande næringa som ikkje er skapt enda og matpotensialet er langt frå utnytta. Dette viser at forslaget om å legge ned restaurant- og matfag er lite framtidsretta og hindrar oss i næringsutvikling.

Hotell og restaurantar i Nordfjord har stort behov for faglært arbeidskraft. Det vil bli endå vanskelegare å få lærlingar om vi ikkje har ein skule som «produserer» dei fram.

Det er ein trist tanke at Nordfjordbedrifter kan stå heilt utan lærlingar i matfaget i framtida, noko som kan bli ein realitet om forslaget går igjennom..

Ein høyrer ofte om «eldrebølgja» som kjem, noko som vil føre til at behovet for ernæringskokkar vil auke. Likevel vel fylkeskommunen å ikkje satse på utdanninga. Tenk at slike som «Kokkane på Seljetunet», som også er tidlegare heimflytta elevar, etterkvart vil forsvinne frå vår region. Dei er faktisk essensielle i mange eldre sine liv.

På høyringsmøtet på Nordfjordeid 30. april, sa Vestland fylkeskommune at dei satsar på helse og omsorg. Det er rart dei ikkje ser den klare samanhengen mellom riktig mat og helse – for mat er helse - og at ein derfor treng ernæringskokken i heile fylket.

Siste åra har linja hatt svingingar i søkjartala og næringa har hatt utfordringar gjennom korona. Men det gledast å sjå at fylker som har satsa på mat og matforedling, som for eksempel Trøndelag og Rogaland, har stor vekst i søkjartala til linja. Satsinga ein ser i nemnde fylkjer bør Vestland fylkeskommune ta lærdom av. Vi bur i det beste fylket med tanke på tilgang på prima råvarer, men at ein vel å byggje ned restaurant- og matfag viser at ein ikkje ser moglegheitene og verdien råvarene kan ha. Det bekymrar meg at identiteten vår og kunnskap om foredling av råvarene vi har i Nordfjord kan forsvinne om forslaget går igjennom. Kven vil då vidareføre mattradisjonane i regionen vår?

Eg er bekymra fordi svært få ungdommar kjem til å velje å flytte ut av regionen for å søke seg til Restaurant- og matfag andre stadar i fylket. Då vel dei heller andre linjer i nærområdet.

På Måløy vgs har ein løyst utfordringa med låge søkartal ved å slå saman vg1 og vg2 til ei klasse, altså til kostnaden av ei klasse og ikkje halvanna klasse, og har derfor klart å produsere lærlingar i krevjande tider. Hovudutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland kalla dette for "Måløy-modellen" under møtet sitt 18. april 2024, og dei vil bruke denne modellen på fleire skular med låge søkjartal. Då gir det ikkje meining å legge ned tilbodet der ideen starta og har fungert bra!

Om forslaget om nedlegging av restaurant- og matfag skulle gå igjennom, blir det vanskeleg å oppdrive fagkunnskapen her. På sikt kan den døy ut. Vi kan heller ikkje forvente å få den kvaliteten på mattilboda som vi har i dag. Vi blir faktisk ein «fattigare» og mindre attraktiv region!

Det kan bli «matkrise» i Nordfjord!