Dette innlegget er skrive av Ingunn Kandal, leiar i Raudt Sogn og Fjordane - og er eit svar til Alfred Bjørlo.

For å gjere det heilt klart, meiner Raudt at Russland sitt angrep på Ukraina er folkerettsstridig og må fordømmast. Men det er også viktig å ha kunnskap om kvifor dette skjedde, og då gir FN-sambandet sine nettsider ei grundig utgreiing om bakgrunnen for krigen. Der kjem det tydeleg fram at NATO sine planar om utviding austover, har spelt ei viktig rolle i opptrappinga av konflikten, og som har ført til invasjonen. Og ingen vil vel kalle FN-sambandet for eit underbruk av Raudt?

Når det gjeld NATO-spørsmålet, er det viktig å vere klar over at mykje er endra sidan NATO blei danna i 1949 som ein forsvarsorganisasjon. Den gong var det 12 land som underteikna NATO-pakta.

På toppmøtet i NATO i  1999, vedtok statsleiarane i medlemslanda eit nytt strategidokument. Dåverande statsminister, Kjell Magne Bondevik, og kollegaene frå dei andre medlemslanda, hadde då eit utvida og anna perspektiv enn dei som oppretta NATO: «Alliansens sikkerhet må imidlertid også ses i en global sammenheng. Alliansens sikkerhets-interesser kan bli berørt av andre risikoer av bredere art, blant annet terrorhandlinger, sabotasje og organisert kriminalitet og stans i tilførselen av livsviktige ressurser».

«Å innlede og videreføre operasjoner utenfor de alliertes territorium, hvor det kan være liten eller ingen støtte fra vertsnasjonen, vil innebære spesielle logistiske utfordringer … .

Dette vil innbefatte evnen til å forsterke ethvert utsatt område og å etablere et flernasjonalt nærvær når og hvor dette måtte være nødvendig.»

Det er her snakk om militært nærver, og på godt norsk betyr dette at Noreg må kunne stille med store nok styrkar med tilstrekkeleg kamperfaring for å kunne ta militær kontroll der det er nødvendig. Førebuingar til dette, har ført til nedbygging av det militære apparatet som vart bygt opp for å forsvare Noreg.

Norsk deltaking i krigen mot Libya og 19 år med øydeleggande krig i Afghanistan er døme på dette.

Kven skal definere når Nato sine interesser er «truga»? Så lenge denne nye strategien gjeld, er Raudt motstandar av å utvide NATO, og vi arbeider for norsk utmelding.

– NATO si endring frå forsvarsallianse til angrepsallianse, provoserer ikkje berre Russland, men gir sjølvsagt ikkje Russland rett til å vere første-angripar.

-Derfor fordømer vi invasjonen i Ukraina.