Dette lesarinnlegget er skrive av Jan-Per Løken.

Eg reknar med at dokke har fått svar på spørsmålet om skumstripa etter turistskipet.

Eg meiner bestemt at det er den heilt ufarlege mikroalgen alexandrium som er grunnlaget.

Algen finst ofte i store mengder i fjordane om våren og forsommaren etter ei periode med mykje sol. I løpet av vinteren har det vore ei oppvelling av næringsrikt vatn frå djupet. Då er det for mørkt for algane. Dei fyrste soldagane om våren er det tid for algane å forsyne seg. Plantenæringa tek etter kvart slutt og store mengder av algane døyr.

Når sjøen vert piska opp under oppblomstring av alexandrium dannar det seg skum. Det skjer til dømes når bylgjene bryt.

PS. Nokre artar av alexandrier produser gift. Når blåskjel et dei vert dei giftige. Det er ikkje farleg å bruke sjøen på grunn av alexandrium.