Av: Tuva Moflag og Torbjørn Vereide, Stortingsrepresentantar for Arbeiderpartiet

Det finst gull på innsida av norske ungdommar. Arbeidarpartiet går no målretta til verks for at alle unge skal få vere med å byggje framtidas Noreg. Arbeidslivet treng ressursane, erfaringa og kompetansen til dei som veks opp i Noreg i dag. Vi må slutte å betale unge folk for eit liv i utanforskap. Med ungdomsgarantien vil vi heller invitere dei inn i fellesskapet.

Under Erna Solberg si tid som statsminister vart det ei dobling i talet på unge uføre. Det er alvorleg. Mangel på arbeidskraft er ei av dei store utfordringane Noreg står overfor fram mot 2040. Då er det heilt absurd at om lag 100 000 unge under 30 år står utanfor arbeid eller utdanning. Derfor ønskjer vi fleire grep for å snu denne utviklinga.

Vi har møtt mange av ungdommane som har strevd med å komme inn i arbeidslivet. For mange av dei er utfordringane samansette. Nokon har hatt ein trøblete skulegang på grunn av dysleksi eller ADHD. Fleire er praktikarar som har kjent seg innelåst i ein teoritung skule. Historiene dei fortel oss er tankevekkjande og sterke.

Den unge kvinna med ADHD som fortel at ho ikkje hadde vore ufør, om ho hadde fått oppleve arbeidsfellesskapet hos den sosiale entreprenøren tidlegare i livet. Den unge mannen som vart send på CV-kurs etter å ha droppa ut av vidaregåande skule etter berre eit halvt år. Han trong først og fremst noko å skrive på den CV-en, noko som gav meistring og meining.

Ein vi møtte som ville bli anleggsgartnar sa det så sterkt: «Då eg kom hit var eg full av angst. Men det er jo ikkje så rart etter fleire år føre skjermen åleine på guterommet. No har eg fått dette arbeidsfellesskapet, og angsten er borte».

Altfor mange har blitt behandla som gråstein, men erfaringa vår er at dei alle har gull på innsida, og det skylder samfunnet dei at vi leitar etter. For utanforskap gjer folk sjuke. Sjølv om ikkje alle kjem i 100% lønt arbeid, så har dei noko godt å komme med. Fellesskapet treng desse ungdommane. Og dei treng fellesskapet.

Med ungdomsgarantien vil Arbeidarpartiet bidra til tettare oppfølging av ungdommar i NAV. Når vi satsar på fleire ungdomsrettleiarar, kan også fleire ungdommar få eit opplegg som er tilpassa behovet deira. Vi vil sjå behova på tvers av arbeid, helse og utdanning. Det handlar om å få rask psykisk helsehjelp, tilpassa skulehjelp, og tettare arbeidsoppfølging.

Vi må få fleire vegar til vitnemål. Ungdom må få bevis for den kompetansen dei har. Det handlar om arbeidstrening og tryggleik når ein skal ut i arbeidslivet for første gong. Og det handlar om eit arbeidsliv som tek imot og er villige til å gi folk ein sjanse.

Arbeid til alle er jobb nummer éin for Arbeidarpartiet. Vi har ingen å miste. Alle ungdommar må få vere med på å forme framtidas Noreg.