Av Tonje Borgund, Stad SV:

Det vart ei fin markering med tale av Are Tomasgård som drog dei historiske linjene og AUF sin Julian Fløde som snakka om inkludering og fellesskap. Til slutt runda vår eigen Tonje Borgund av med appellen som de kan lese sjølve under.

Her er Tonje Borgund sitt innlegg:

Kjære alle sammen,

Gratulerer med dagen!

Arbeiderbevegelsa og arbeiderkvinnebevegelsa står sterkt i Namsos der eg er født. Der har det vore like naturleg med tog 1. Mai som 17. Mai. Mine forfedre og -mødre har gått med fanane høgt heva for like rettar, fridom og solidaritet. Eg hugser godt tida brukt rundt kjøkkenbordet til oldemora på loftet i Namsos der ho prøvde å lære meg esperanto – språket som skulle samle verda. For meg har solidaritet vore nøkkelen til mitt engasjement, og det engasjementet kjem frå dei som kom før meg.

1. mai er ein festdag, for å feire dei som har gått føre oss og vunne fram dei rettighetene og stort sett anstendige arbeidslivet vi har i dag. Og arbeiderbevegelsa har heva mange faner for internasjonal solidaritet og mot rasisme, fascisme og utrettferdigheit.

Eg har vore innom mange tema mens eg har tenkt på kva eg skal snakke om i dag og uansett kva eg har tenkt på landar eg på dei enorme utfordringane verda står ovanfor og kva framtid vi går i møte. Spesielt kva dagens unge no står ovafor. Det er mykje å ta av – aukande ulikhet både her heime og i resten av verda. Det er blodig urettferdig at vi har so mykje og at so uendeleg mange fleire har so lite. Are frå LO dro i sin tale no linjene tilbake til den industrielle revolusjonen, og vi må hugse på at råstoffet til den industrielle revolusjonen kom frå koloniane og at den vestlige veksten har vore på bekostning av resten av verda. D

Det er aukande uro i verda med krigen i Ukraina, borgerkrigen i Sudan og folkemordet som pågår i Palestina med den katastrofale eskaleringa av Israel sin rå maktbruk på Gazastripa. Verda verker meir utrygg no enn den har gjort på lenge. Eg som er fødd i 1984, når det nesten ikkje var nokon kald krig å snakke om lenger, har vekse opp i eit samfunn prega av djup fred. Det har vore trygt og omtrent utenkeleg at vår del av verda skulle kunne truast av noko som helst måte, og det sitt djupt i kroppen alt alt går bra til slutt.

Vi brukte å skremme kvarandre med historiar om den store raude knappen på kontoret til den amerikanske presidenten, og at Russland sjølvsagt kom til å angripe Norge først sidan vi har så lang kystlinje vestover. For så vidt er jo dette ting eg framleis er uroa for. I tillegg må unge i dag forholde seg til klimakrisa som har vist seg å vere akkurat så reell som vi såg føre oss i våre verste skremselshistoriar. Konsekvensane kan vere enorme, men kan og verke diffuse og uhandgripelege. Det er vanskeleg å sjå føre seg kordan det blir å leve i verda ikkje berre i framtida, men om berre 5 og 10 år. Men vi har sett lenge no at verda er i endring –det er våtare og villare og farlegare.

Det er ikkje lett å skulle stake seg ut ein kurs i dette landskapet –og når endringane skjer såf ort.

Så 1. Mai er ein festdag, men viktigast av alt så er 1. mai er ein kampdag! Nokon skreiv ein stad at solidaritet er å ville det same for andre sine born som sine eigne. Der er vi ikkje i dag, og det er mange kampar som skal kjempast. Dei sønderslitte, uttæra ungane i Gaza, ungane som har krig som kvardag i Ukraina og, Syria, ungane som svelt i Sudan og på Haiti er verdt å kjempe for. Verda vår, økosystemene, havet og dyrelivet står i fare – sjølve livsgrunnlaget må ein kjempe for. Klimakrisa er ei usolidarisk krise. Det regner meir der vi har meir enn nok vatn , og regnet uteblir i de tørraste, karrige delane av verden der det er vanskeleg nok å få avkastning av jorda fra før.

Det er store linjer eg drar no, men dette er utfordringane vi står ovanfor i dag. Vi må stille krav til styresmaktane om hardare skyts for å stogge Israel. Vi må bruke stemma vår for å stå opp for dei som lev i okkupasjon og krig!

Ein må betre levevilkåra for verdas befolkning, og sjølv om det må store strukturelle endringar til, kan vi og gjere noko som einskilde menneske. Vi må stille krav til rettferdighet, etikk og reell bærekraft, og tenke oss om når vi handlar og når vi reiser. I den vestlege delen av verda må vi ta inn over oss at forbruket må ned. Vi lev langt over det som er forsvarleg om det skal vere likt for alle, og det hjelper ikkje med ord utan handling!

Alt heng i saman. Fattigdom, arbeidsløyse, mangel på ressursar og håpløshet gjer grobunn for uro og konflikter. Rettferdighet, lik fordeling, arbeid og solidaritet er grunnprinsipp for fungerande samfunn og samhold. I dag feirer vi dei kampane som er kjempa og vunne. Vi kan ikkje grave oss ned og bli apatiske med dei ufordringane vi står ovanfor no, men brette opp ermane og glede oss til alle 1. Mai-ane som kjem der vi skal feire dei nye kampane vi har vunne.

Gratulerer med dagen

Ta kampen

Eller som vi sei på esperanto – prenu la batalon!

Takk for meg.