Skrive av Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant og næringspolitisk talsperson for Venstre

 I statsbudsjettet foreslår regjeringa å auke arbeidsgivaravgifta for lønsinntekter over 750 000 kroner, noko som vil gje små og store bedrifter over heile landet ei ekstrarekning på 7 milliardar kroner. Det vil ramme framtidas arbeidsplassar.  Venstre seier eit krystallklart NEI til høgare arbeidsgivaravgift.

Regjeringa sitt framlegg vil særleg gå ut over bedrifter som satsar på høgt utdanna arbeidskraft. Dei har løn som sin største kostnad, og slit allereie med å få tak i riktig kompetanse. Teknologibedrifter over heile landet varslar no at det vil bli mindre investeringar i både arbeidskraft og teknologi, og at tempoet i grøn omstilling av samfunnet vil bremse opp.

Regjeringa argumenterer for at den auka arbeidsgivaravgifta skal bidra til meir omfordeling. Det stemmer ikkje. Sjølv LO, som organiserer mange arbeidstakarar med lågare løn enn 750.000 kroner, avviser dette. Både fagrørsla og samtlege andre høyringsinstansar som har gitt innspel til statsbudsjettet den siste tida, åtvarar mot framlegget. Da bør alarmklokkene ringe i regjeringskontora. Vi kan ikkje sende rekninga til små og store bedrifter landet rundt kvar gong dyre valløfte frå Ap og Sp skal finansierast.

Vi treng alle med på laget dersom vi skal løyse dei store utfordringane samfunnet står overfor - også næringslivet. Venstre vil løfte fram dei nyskapande bedriftene og dei skarpe hovuda som skal utvikle morgondagens grøne løysingar og utvikle framtidas arbeidsplassar. Då treng dei trygge og stabile rammevilkår, ikkje ein vilkårleg straffeskatt ut av det blå.