Dette innlegget er skrive av Bodil Sønderland:

Takk til Fjordabladet og til Anne -Joril som slepp fram kritiske synspunkter om cruisetrafikken I Eidsfjorden! Det er nok fleire som har brennt inne med den slags i desse tider. Vi lever i klimabenektinga sin epoke til tross for alle advarsler frå FN og alle dei klima- og miljøengasjerte ungdomane med Greta Thunberg i spissen. Kva skal til for at folk flest skal våkne kan ein spørre seg! Vi har hatt ein sommer med illevarslende tørke, skogbranner, flomkatastrofer som i Pakistan der ein tredel av landet ligg under vatn.

So kan ein jo lure på kva som er "verst" - cruisetrafikk eller containertransport av meir eller mindre miljøskadelege ting. Det aller verste må nok vere krig, som no i Ukraina med ufattelege lidelser for alle parter. Der er alltid noko som er verre enn noko anna. MEN - det blir den samla galskapen av all ufornuftig bruk av den umistelege naturen vi har rundt oss og som vi alle er ein del av som gjør utslaget.

Vi kan ikkje noko for at vi lever i eit system som heile tida oppfordrer oss til å bruke meir på bekostnad av noko anna og andre som ikkje er like heldige. Og som som forstyrrer oss frå å tenke på viktigare ting enn underholdning og stadig nye produkt.Forskjellane mellom folk innen og mellom land er blitt skrikende urettferdige med den oppskrytte markedsliberalismen og høgrepopulisme på frammarsj.

Sjølv har eg gått gjennom ein prosess dei seinaste åra som gjort meg meir bevisst på mitt eiget forbruk og mine eigne økologiske avtrykk som på ingen måte har vore i samsvar med kva eg kunne ønska og som eg burde vore klar over som den miljø-og klimabevisste person eg har villa stå fram som.

Dei færreste av oss har grunn til å stille seg i forsvarsposisjon, men burde istaden ydmykt innsjå at vi har mye å lære også av tidlegare generasjonar og deira måte å leve på, ved å ta vare på alt og unngå bruk-og kast. Det tyder ikkje på å vere bakstreversk og gammelmodig, men heller framsynt for at framtida skal bli leveleg for våre etterkomarar.

Som den spanske filosofen Marina Garce skriver i sin bok "FOR EN NY RADIKAL OPPLYSNINGSTID "; ....at vi i vår tid veit mye og samtidig kan gjøre svært lite ved at myndigheiter og politikar stort sett står handfallne innfor kapitalens herjingar. Eit meir positivt syn på tidens utfordringar kan vi få med Brita Helleborgs bok; KLIMAGLEDE - der ho viser oss korleis vi kan steg for steg kan lære å leve meir miljøvenleg og fri for dårleg samvittigheit. For eigen del kan eg berre konstatere at eg har brukt opp "flykvota" mi for lengst. Og sjølv om det kan vere eit dilemma, når ein likar å reise å sjå seg rundt om i verda, blir det lettere å glede seg til dei "nære ting" når ein veit at det er i samsvar med ein meir klima- og miljøvenleg livsstil.

Det var også gledeleg å lese om BI - økonomen Anders Taklo som kom tilbake til barndomsbygda si for å bli fiskar. For ein glede å kunne gå på kaia å kjøpe fersk, nyoppdradd fisk, istaden for å måtte gå på butikken å kjøpe frossen fisk innpakka i fleire lag av plast. Da må vi unngå fleire oppdrettsanlegg i denne flotte og ennå forholdsvis reine og fiskerike fjorden. Og so, kva med cruisetrafikken - kan den nokonsinne bli "Green cruising"?