Dette lesarinnlegget er skrive av Håkon Dag Sørland, som ein kommentar til bygdefolket på Haus sitt protestskriv mot lakseoppdrett på Midthjellsvika.

I følgje "trafikklyssystemet" for lakseoppdrettarane skal raudt lys føre til 6 % reduksjon i produksjonen av laks.

Vestlandet, inkludert Nordfjorden, har no raudt lys over alt.

I ein slik situasjon blir det planlagt, og godkjent, eit nytt lakseoppdrettsanlegg på Midthjellsvika.

Logikken her er ikkje lett å gripe tak i, som i mange andre kommunale avgjerder.

Lakseindustrien sine miljøskadelege herjingar må høgt på partia sine valprogram ved neste val. Det er veljarane som til sjuande og sist har ansvaret, og som kan endre på dette hausten 2023.