Dette innlegget er skrive av ordførar Gunnar Silden:

For vel eit år sidan gjekk eg inn i rolla som ordførar i Stad kommune, eit verv som eg tok på meg etter at sitjande ordførar vart kalla inn til Stortinget.

Det ville vere feil av meg å seie at det ikkje har vore problemfritt, men i det store bilde, så synest eg det har gått greitt, ikkje minst takka vere flinke folk i forskjellige posisjonar rundt meg.

For meg har dette vore eit spanande og lærerikt år som har gitt meg større innsikt i korleis dei demokratiske føringane som styrer dette flotte landet vårt verkar.

Det å vere øvste politisk leiar i kommunen, er ei mangfaldig oppgåve som spenner frå besøk på cruiseskip til å leie den politiske debatten i forskjellige politiske nivå og råd, som til slutt endar opp i øvste nivå som er Stad kommunestyre.

Stad Skipstunnel har i år som i fjor og året før bunde opp ressursar på planavdelinga. Det har vore knytt til detaljregulering ved tunnelportalane og detaljregulering av næringsområda som kjem som følge av masseplassering.

Forhåpentlegvis nærmar reguleringsarbeidet seg ein slutt, sidan Kystverket skal ha leverandørkonferanse i slutten av januar og anbodspapira skal ut i siste kvartal av 2023, med forventa byggestart i fyrste kvartal i 2024.

Regjeringspartia saman med SV har godkjent den vidare finansieringa med tunnelen, og det er ingen grunn til å tru at finansieringa vil bli stoppa i budsjettsaka i 2024. Alle tre partia har vist vilje til og gitt uttrykk for at dei vil bygge Stad Skipstunnel.

Etter eit vedtak i kommunestyre i juni blei det løyvd pengar til oppstart med eit nytt sentrumsnært næringsareal på Nordfjordeid. Arbeidet med nytt næringsareal må sjåast som ein del av utviklinga av Nordfjordeid som eit berekraftig levande sentrum som vil gje plass til eit variert og spanande næringsliv.

Det blei nedsett eit utval som fekk namnet «Næringslivet sitt utval for eit berekraftig Nordfjordeid», utvalet er leia av varaordførar Siri Sandvik og er samansett av næringslivsrepresentantar og politikarar.

Med nytt næringsområde og Statens hus på plass vil mangfaldet av fleire arbeidsplassar auke og gje grobotn for enda meir utvikling.

Heile kommunen treng eit sterkt kommunesenter, derfor er det viktig at vi også har infrastrukturen som barnehageplassar, tomter og skule å tilby folk som ynskjer å flytte til kommunesenteret.

Statens hus i Stad fortener kanskje ei litt meir utdjuping. Dette står å lese på heimesida til Stad kommune.

Regjeringa vil som ein del av fornyinga av norsk distriktspolitikk prøve ut ein ny modell for «Statens Hus i distrikts-Noreg», der formålet er at små og mellomstore avdelingar av statlege etatar samarbeider tettare med kvarandre og skaper større statlege fagmiljø på mindre stadar. Dette vart Stad kommune utnemnt til å vere med på i saman med andre kommunar i eit pilot prosjekt.

Bustad magasinet BuStad er noko som alle bør ta seg tid til å sjå igjennom. Her er informasjon om kvar det er ledige tomter med detaljert informasjon om området og tilliggande ting.

Stad kommune har saman med Nordre Follo kommune fått midlar frå Forskingsrådet til prosjektet «Den samskapande kommune», Stad kommune har fått tildelt tre prosjekt og prosjekta går over tre år, starten var i 2021.

Det eine prosjektet omtalte eg i julehelsing anno 2021, det er urbant Landbruk.

Dei to andre er «Eit meiningsfullt og aktivt liv» som skal ha søkelys på behovet for attraktive, trygge, inkluderande møteplassar og arrangement for innbyggjarane i kommunen og det siste «Framtidas heimebaserte omsorg» to tids aktuelle tema.

Ungdommane i kommunen vår trur dei fleste at det står bra til med, og det stemmer. Ungdataundersøkinga viser at dei fleste er fornøgd med livet sitt, dei er fornøgd med foreldra sine, med skulen og lærarane sine og lokalmiljøet der dei bur.

Men for ungdom som opplever utanforskap er kvardagen ein helt annan. Det viser seg at i Stad kommune kan det vere opptil 100 ungdommar som føler på eit utanforskap.

Årsaka til utanforskap kan vere mange. Undersøking gjennom djupneintervju gjort av «Voksne for Barn» har gitt oss, viser eit unikt bilde av korleis unge i utanforskap har det.

Det teiknar seg eit komplekst bilde preget av psykisk uhelse, skam, einsemd og unge som tar på seg skulda for ein situasjon dei på mange måtar ikkje rår over.

Mitt ynskje for 2023 er at vi ser oss omkring, for å «sjå» desse ungdomane og prøve å oppnå kontakt for å inkludere dei i ein vennegjeng. Eg vil spesielt utfordre ungdommar som er «innafor» som er godt etablert i ein vennegjeng til å ta kontakt med dei.

For barn og unge er det å ha venner og vere ein del av fellesskapet ein viktig del av deira sosiale og emosjonelle utvikling og kan vere avgjerande ferdigheiter som dei tilegner seg for å kunne leve eit godt liv.

Det er mange vaksne i Stad kommune som bidrar til å inkludere ungdom i forskjellige lag og organisasjonar, men det er samhaldet med kameratar og venner som er nerven i oppveksten for unge. Manglar den, kan det fort bli utanforskap når ein kjem på hybelen eller tilbake til ein heim som ikkje fungerer. Vi har berre fine ungdommar i Stad kommune og det er vår plikt at alle blir «sett». Vi har berre fine ungdommar i Stad kommune og det er vår plikt at alle blir «sett».

Det er kome 104 nye borgarar til kommunen vår dette året, over 90 % frå Ukraina. Mitt inntrykk er at flyktningmottaket vårt har fungert godt. Vi fekk ein gjennomgang av dagleg leiar i siste kommunestyre før jul og det som slo meg, var at det er mange detaljar som skal passe inn når du kjem ny inn i ein ny kultur og levemåte.

Eg vil gje kred til Flatraket som på ein eksemplarisk måte har inkludert sine nye innbyggarar i bygda. Dei har gjort det på den måten som vi alle ynskjer at vi skal ta imot nye landsmenn på.

Vi har i kommunen vår to godt oppegåande Frivillighetssentralar som må vere blant dei beste i landet. Astrid Grete Torheim og Maria Helgesen gjer ein framifrå jobb på desse sentralane som finst på Nordfjordeid og Selje. Her kan du melde deg som frivillig og bli ein Stadvenn og delta i frivilligheitsarbeidet i kommunen.

Sanitetsforeiningane i saman med Røde Kors-avdelingane våre gjer også ein godt arbeid som vi set stor pris på.

Stad kommune er full av frivillighets ånd og dugnadsvilje. Lat oss fortsette med det.

Når frivilligheitsarbeidet går så langt at det blir heidra med den gjævaste æresbevisninga som ein kan få for slikt arbeid, då er det hyggeleg å vere ordførar å få dele ut medaljen.

Eg vil avslutte denne helsinga med å gratulere Inger Johanne Brekke som har fått tildelt Kongens Fortjeneste Medalje for lang og tru teneste i Eid Røde Kors.

God Jul og eit riktig godt nyttår til alle saman.