Skrive av ordførar Gunnar Silden:

Kommentar til leiaren i Fjordabladet.

Leiaren i Fjordabladet bruker sterke ord som «munnkorg på andre politikara og presse», i sin leiar artikkel i siste e-avis.

Det blir også hevda at eg likar dårleg kritikken som den administrative og politiske leiinga i Stad kommune har fått den siste tida , for å ha lagt kommunestyre til ei anna kommune.

Orienteringa som eg gav i starten av kommunestyre, var i frå meg, administrasjon og varaordførar var ikkje delaktige i det som eg orienterte om.

Eg føler at eg må få rette opp i det skeive forholdet som leiaren i avisa her fremmer.

Min kritikk går på at vi som medlemmer i kommunestyre har visst om at møtet den 16/6 skulle vere i Kalvåg. Det har vore kjent lenge, synest vi at det ikkje var rett, så har det vore anledning til å ta det opp i formannskap og kommunestyre til diskusjon.

Hadde det vore motstand mot det, så hadde det blitt gjort ei ny vurdering om vi skulle gjere det.

Som leiaren i Fjordabladet veit, så er det full anledning til å følgje alle utvalsmøta, formannskapsmøta og kommunestyre, enten ved å møte opp, eller ved å følgje kommune-tv i formannskap og kommunestyre.

Korleis Fjordabladet kan sjå restriksjonar på ytringsfridom og- «knebling av debattar» i mitt innlegg, har eg vanskeleg for å forstå, som sagt hadde diskusjonen vore ført i formannskap eller kommunestyre, så kunne Fjordabladet vore til stades og referert frå møtet, men då hadde alle vi andre og fått vore med i diskusjonen.

At media tar opp det som dei får innspel på frå sine lesarar om, sa eg uttrykkeleg i orienteringa mi, at eg synes ikkje det er det minste rart.

Avslutningsvis vil eg sei at samlinga i Kalvåg var eit banebrytande prosjekt som viser at kommunane i Nordfjordrådet kan bruke heile Nordfjord som møteplass. Leiinga på Knutholmen synes dette var ein god tanke som kan halde liv i serverings- og overnattingsstader i utkan- Noreg.

Knutholmen er stor kunde i Stad kommune, og kjøper mykje av råstoffet og arbeidet som blir utført på bedrifta, i Stad kommune.

No vil eg sende stafettpinnen vidare til dei andre Nordfjord kommunane, og håpe at dei vil gjere det same som Stad kommune har gjort, for å knyte Nordfjord enda sterkare saman.