Av Alexander Fosse Andersen, fylkestingsrepresentant og 6. kandidat for Vestland Sp:

Ungdomsskuleelevar på Voss har i meir enn ti år fått delar av opplæringa i faget arbeidslivsfag ved dei vidaregåande skulane på Voss.

Hausten 2022 fekk elevar på Osterøy same moglegheit, medan elevar ved Jondal skule har plassering i lokale verksemder som ein stor del av arbeidslivsfagopplæringa si. På Voss og Osterøy er det Voss herad og Osterøy kommune som betaler for opplæringa ungdomsskuleelevane får ved dei vidaregåande skulane. Erfaringane frå Voss som har hatt ordninga lenge er særs gode.

Vestland Senterparti er stor tilhengjar av slike praktiske tiltak og ynskjer at fleire ungdomsskuleelevar i Vestland skal få same høve som ungdomar på Voss, Osterøy og i Jondal.

Arbeidslivsfag er eit praktisk retta alternativ til språkfag i ungdomsskulen. Målet med faget er å gi elevane praktisk erfaring med å løyse arbeidsoppgåver i eit arbeidsfellesskap.

Senterpartiet meiner faget er ein viktig arena for å gi teorileie elevar auka motivasjon og meistring i skulekvardagen og ynskjer å styrkje faget. Eit tett samarbeid med vidaregåande skular og verksemder om opplæring i faget vil etter vårt syn styrkje faget både for elevar og lærarar. Faget vert meir arbeidslivsrelevant og vil gjere det lettare for ungdomsskuleelevar å velje rett utdanningsprogram på vidaregåande.

Ungdomsskulen er for teoritung i dag, og fråfallet og feilval på vidaregåande er framleis for høgt. Tettare samarbeid mellom ungdomsskular og vidaregåande skular og lokale verksemder om opplæring i arbeidslivsfag motverkar dette og vil derfor vere eit viktig satsingsområde for Vestland Senterparti framover.