Skrive av Daniel Dyrstad Hildenes, leiar Unge Høgre Stad:

Fleire saker viser at unge som ikkje går på eksempel fotball eller handball har ingen andre val.

Ungdomsmiljøet på Eid er prega av mangel på møteplassar og det kan man sjå gjennom dei fleire tilfella av hærverk og fyrverkeri som blir gjort om igjen og om igjen.

Både ungdomsrådet og politiet har tidlegare sagt at ungdommen treng ein plass i være. Som tidlegare lensmann Tormod Hvattum skreiv til Fjordabladet i 2019 «Våre lokale politikara kan ikkje berre sitte på ein stol å vente til det utagerande ungdomsmiljøet forsvinn»

Problemet er at vi seier ifrå at vi treng ein møteplass, men får nesten ingen respons frå dei lokale politikarane som styrer kommuna.

Du kan sjå at fleire og fleire kommunar opnar ungdomsklubbar og prioriterer kanskje budsjettet sitt for ungdom. Oslo kommune er eit av mange eksemplar der kommunen prioriterer høgt til å setta av midlar til møteplassar som unge kan vere. Det er ein satsing som har vore ein suksess. Ungdomsmiljøet i Oslo blir betre og fleire ungdomstilbod opnar.

Grunnen til at kommunar satsar er at det er at funkar. Kvifor kan ikkje kommunepolitikarane sjå at det faktisk fungerer. Politikarane kan gå i media å seie at vi treng det, men vel likevel å ikkje gjere noko med det.

Vi må stå opp i kampen for at ikkje berre ungdom som spele fotball skal få vere sosiale på fritida. All ungdom er like viktig. Skal det vere attraktivt for ein barnefamilie å flytte tilbake til Eid må det vere møteplassar her. Eg lar ikkje barnet mitt vokse opp her når den einaste plassen du kan få vennar er på skulen. La alle ungdommar har moglegheita til å sosialisere seg.

VI i Unge Høgre Stad vil sjå at dei lokale politikarane tar oss seriøst. Vi er lei av høyre at ting skal skje, men det kjem aldri resultat. La oss få møteplassane vi skulle hatt for lenge sida.