Dette innlegget er skrive av Leif Grutle, leiar i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag, og Hanne Bjerkvik, leiar i Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag.

Vedr. Fylkestingets ekstraløyving til ombygging til lausdriftsfjøs.

Fyrst av alt må også Bonde- og Småbrukarlaga i Vestland presisere at ekstramidlane på 10 mill. som Fylkestinget har løyvd til ombygging til lausdriftsfjøs, er ei gladsak for næringa, men det bør komme alle som har opplevd stor kostnadsauke til gode. Slik me oppfattar det, er alle samde om dette, også Bondelaget.

Vedtaket i Fylkestinget gir likevel nokre store utfordringar. Dette vedtaket som vart fatta i juni i år, seier nemleg at det kun er prosjekt med byggestart etter vedtaksdato som er berettiga å søke på denne toppfinansieringa.

Om dette var bevisst eller om det "berre vart slik" er usikkert, men det som verkar underleg på oss, er at det er liten vilje hos Bondelaget til å stille seg bak ei endring av dette vedtaket, ei endring som vil gi alle som starta bygging i 2022 like føresetnadar.

Bonde- og Småbrukarlaga ynskjer at alle som starta bygging i 2022 skal kunne søke om ekstra løyving. Dei har alle opplevd same kostnadsauke, og det er uproblematisk å fatte eit vedtak som er gjeldande for heile inneverande busjettår.

Dette forslaget vart lagt fram i eit møte i Partnarskapen. Då hadde også avisa Hordaland trykt ei sak om Nils Martin Seim som blir ramma av dette. I dette møtet ville ikkje Vestland Bondelag gå inn for ei slik endring, då det ville føre til at midlane ikkje kunne takast i bruk før i slutten av september.

Dermed blokkerte Vestland Bondelag for at ei rèell endring av vedtaket kunne behandlast. Dei meinte at det heller kunne fremjast sak om at eventuelle restmidlar som ikkje var nytta, kan tilfalle prosjekt som vart starta før vedtaket i juni.

Dette tilslører Felde i sitt svar til avisa Ytre Sogn, og framstiller det som om Partnarskapen er samde om at det er beste løysinga. Sanninga er at Partnarskapen ikkje var samde om dette, og at Bonde- og Småbrukarlaga ikkje ser dette som beste løysinga, fordi det betyr at dei som starta bygging før juni, berre kan søke om "restane" av det som vert att når andre har fått sitt, trass i at alle har like utfordringar økonomisk.

Me ser det ikkje som ei utfordring at midlane ikkje vert tildelte no, det viktige er at dei vert nytta innanfor rekneskapsåret, og tildelt på like vilkår for alle prosjekt i 2022.

Dette har ein god tid til å gjere, sjølv om midlane vert sett på vent inntil sak om endring i vedtaksteksten er behandla i Fylkestinget.

På møtet i Partnarskapen prøvde Bonde- og Småbrukarlaga å snu alle moglege steinar for å finne løysingar som kunne gagne alle. Vestland Bondelag ved Felde, ville ikkje stille seg bak nokon av forslaga, trass i uttrykt ynskje om at alle skal med.

Det ser dermed ut til at ein er tilfreds med at nokre få bønder som våga å setje i gang bygging tidleg på året, ikkje skal få del i denne ekstraløyvinga. Dei skal måtte ta til takke med dei eventuelle restane som er igjen på slutten av året, sjølv om vedtaket ikkje gjer opning for det.

Til avisa Ytre Sogn fortel Felde at her skal Bondelaget gjere jobben. Dette er provoserande, ettersom Bondelaget er mot ei likebehandling, og i tillegg dreg heile Partnarskapen med på dette.

Det er også underleg at Bondelaget kan gå så hardt ut og love at dei skal ordne finansar som det ikkje er gjort vedtak om, og som det i tillegg er usikkert om vil vere tilgjengeleg når alle som no er først i køen har fått sitt. Felde legg dette fram som om det betyr likebehandling av alle byggeprosjekt med byggjestart i 2022. Det er ikkje tilfelle.

Det einaste som kan gje lik og rettvis behandling, er at alle søknadar vert vurdert på like vilkår. Då må alle søknadar om toppfinansiering setjast på vent inntil saka på ny er behandla av Fylkestinget. Vedtaket må fange opp alle prosjekt i 2022, noko Felde og Vestland Bondelag altså er imot.