Dette innlegget er skrive av leiar Ingunn Kandal og nestleiar Rita Tonning, Raudt Sogn og Fjordane.

Hadde AP og SP hatt den same haldninga også om det var ei Høgre-regjering som styrte landet?

Dette innleggett handlar sjølvsagt om at Statnett skal byggje ei 420 kV-kraftlinje over Sognefjorden. Statnett skriv at «handelskapasitet» er ei av årsakene til bygginga. Det er ganske ærleg. Problemet er nettopp at kraft og straum er gjort til ei handelsvare.

Om 3-4 år vil derfor straumprisane også nord for Sognefjorden, dvs. i mesteparten av Sogn og Fjordane og fylka nordover (NO3-området) stige – kanskje opp til nivået som til no har vore og er i resten av Vestlandet (NO5), Sør-Noreg (NO2) og Austlandet (NO1). Det vil vere resultatet av den energipolitikken som blir ført no.

Raudt sin gruppeleiar i fylkestinget, Jeanette Syversen, tok dette opp på fylkestinget i mars, i form av interpellasjon/spørsmål til fylkesordførar Askeland (SP). Svara frå Askeland var nedslåande. Han la vekt på at den kraftlinja ville utjamne prisane mellom NO3 og NO5. I og for seg truleg rett spådd, men dette blir gjort sjølv om det er slått fast at prisane i nord vil gå meir opp enn prisane i sør vil gå ned.

Litt tydelegare sagt: Nord for Sognefjorden vil straumprisen gå opp. Det skjer sjølvsagt ikkje fordi straumen kostar meir å produsere, men fordi den nye Sognefjord-linja vil transportere kontinentale og britiske kraftprisar nordover. Sør for Sognefjorden og innafor tidlegare kommunegrense Balestrand-Høyanger, vil kanskje prisen gå litt ned, men berre litt. Slik sett vil det kanskje ikkje bli fullt så gale som det har vore i vinter.

Stortingsrepresentant Erling Sande (SP) uttala til avisa Firda i fjor haust at straumprisane i Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord vil vere skjerma for utanlandsk konkurranse i årevis framover. Sande spådde at dette ville gjere mesteparten av Sogn og Fjordane attrakivt for kraftkrevjande bedrifter.

Ja, «skjermen» mot utanlandsk konkurranse vil gjelde heilt fram til den nye 420 kV-linja for kraftoverføring over Sognefjorden er bygd (om 3-4 år?). Det er neppe berre kraftkrevjande bedrifter som har ein lenger horisont enn 3-4 år.

Raudt-representanten Sofie Marhaug, stilte eit godt forslag på Stortinget. Forslaget gjekk ut på å be regjeringa «sørge for at overføringskapasiteten fra prisområdene NO4 og NO3 til prisområdene NO1, NO2 og NO5 ikke fremskyndes i dagens kraftsituasjon med uregulert krafteksport og spekulasjon i høye priser mens vannmagasinene tappes». Det er godt det er nokon på Stortinget som forstår, men kor var Erling Sande? Raudt-forslaget fekk berre partiet sine eigne stemmer pluss stemmer frå SV.

Var det ikkje vanlege folk sin tur likevel? Kor har det blitt av «nær folk»-partiet?