Av Jenny Saure Bugjerde (12), ei jente som elsker kjølsdalen UTEN vindturbiner:

 Eg skjønar at vindkraft kan vere er bra fordi det er bærekraftig. Ein kan lage mykje straum berre fordi det bles, og vind har vi meir enn nok av. Turbinane lagar straum samtidig som det ikkje forureinar. Det er bra, og det er supert at vi begynner å tenke bærekraftig. For dersom vi fortsetter å forurense så mykje som vi gjer i dag, så kjem det til å gå gale en dag.

Men vindturbiner er ikkje bra fordi mykje av det som er av dyreliv der oppe vil forsvinne. Ein haug med fuglar kjem til å bli slått i hel av vingane på vindturbinen. Ørnene er freda, og dersom ein sett opp ein vindturbin så er det veldig dumt dersom ei ørn skulle dø på grunn av den. Dersom den ørna har unger i reiret vil ungane dø sidan ingen kan passe på dei. Då blir det raskt mindre ørner i kjølsdalen og i områda rundt bygda.

Det vil koste masse å bygge alt sammen. Mange millionærer kroner berre på å lage ein veg opp dit. I tillegg så må det være gjære rundt alt sammen og sjølve vindturbinen vil koste masse.

Eg bur i Kjølsdalen og Dua er mitt favorittfjell. Kvar sommar gledar eg meg til å gå på tur opp dit.  Men dersom det er ein stor vindturbin og ein veg istedenfor ei rås, da frister det ingenting.

Når ein går på Dua er det vanleg å ha med seg hund, men dei aller fleste hundane vi bli redde for turbinane og dei vil ikkje kunne vere med.

Når ein først skal sette opp ein turbinpark, så kan ein sette det ein plass det ikkje bur så mykje folk. For turbinane bråkar masse og dei er stygge å sjå på. Veiane opp dit vil bli som store sår i den fine naturen vår. Bygg det ein plass det er sår frå før!

Dei fine fjella våre har stått urørte i mange 100 år, det einaste som er der oppe er nokre hytte og nokre vardar. Det er det som gjer det som kjekt å gå der.

Eg er glad for at eg har fått vekse opp i Kjølsdalen, og eg håpar at mine ungar får oppleve det same utan å måtte ete nista si under ein bråkemaskin. At ein kan nyte stillheita og lukta av å vere ute i naturen

So mi meining er at Dua og Staurdalseggja forblir uten vindturbinar for alltid.