Dette innlegget er skrive av Anders Lien, formann i Selje Næringsforening:

Fjordabladet set i sin «leiar» den 05.03.23 søkelys på befolkningsutviklinga i ulike krinsar i Stad kommune og slår fast at «dersom folkeveksten skal halde fram må det takast mange grep».

Selje er ein av krinsane som kjem dårleg ut i denne samanheng. Her har det vore nedgang i både folketal og arbeidsplassar over mange år. Næringslivet er for tida svakt, og det er mangel på risikovillig kapital. Verre er det at folk synes å ha mista trua på at noko kan gjerast for å snu utviklinga. Difor er det og få initiativ til etablering av nye bedrifter. Nokre vellukka eksempel finnast, men skal den negative utviklinga snu, må det setjast i verk «tiltak» slik Fjordabladet skriv.

Nye arbeidsplassar innan fleire næringar må etablerast i, og rundt, Selje for at det tidlegare livskraftige kommunesenteret igjen skal blomstre. Slik situasjonen er i denne delen av kommunen, må offentleg draghjelp til for å snu den negative trenden.  Med mindre dette er ei ønska utvikling, kviler det eit stort ansvar på kommuneleiinga å setje i verk nødvendig tiltak som stimulerer til nysatsingar.

Men å lukkast med kommunal næringsutvikling utan lokal draghjelp er ikkje lett. Frå administrasjonen krev det kunnskap, vilje og god planlegging.  Frå politisk hald må det mot og handling til. Vi registrera at Stad kommune engasjerer seg sterkt i næringsutvikling andre stader, og forventar at det same vert gjort for å snu den negative utviklinga i Selje.

Stad skipstunnel er vedteken utbygd innanfor ei stipulert kostnadsramme. Prosjektet vil, dersom det vert realisert, være unikt i verdssamanheng og kunne skape store positive ringverknader for heile regionen.  I seg sjølv vil tunnelen være ein turistattraksjon som heilt sikkert vil trekke mange tilreisande. I tillegg vil tunnelmassane kunne nyttast til opparbeiding av infrastruktur der ny næringsaktivitet kan etablerast.

Politiske føringar er klare på at massane frå tunnelen skal nyttast på ein samfunnsmessig god måte ved at all stein vert brukt til å skape ny næringsaktivitet i kommunane rundt. Dette må Stad kommune utnytte fullt ut. Det er trass alt her tunnelen ligg. Dessutan, ingen andre områder i regionen treng ny næringsaktivitet meir enn «ytre/søre».

NYTT NÆRINGSAREAL I YTRE/SØRE DEL AV KOMMUNEN:

Kystverket ynskjer å plassere mest mogleg av tunnelmassane i nærleiken av tunnelopninga. Dette for å halde nede byggekostnadene ved kort og kostnadseffektiv massetransport. Men og til opparbeiding av eit riggområde for eige bruk i byggeperioden. Dei har peika på Lesto-vika som ein høveleg stad til dette.

Stad kommune har fatta politisk vedtak som tillét opparbeiding av ei ca. 80 da stor sjøfylling i Lesto-vika. Til riggplass i byggeperioden for tunnelen, og til etterbruk for etablering av ny næringsaktivitet.  Fyllinga er stadfesta i gjeldande arealplan for området. Dei har og akseptert at Kystverket startar opp reguleringsarbeidet samtidig som det er oppretta ein eigen kommunal prosjektorganisasjon som bidreg i planarbeidet.

I tillegg er det politisk bestemt at det er Stad kommune som skal stå for utvikling av Lesto-vika.  Private aktørar skal eventuelt inviterast med i prosessen på eit seinare tidspunkt. Slik invitasjon er enno ikkje registrert, og det kan stillast spørsmål til om dette vedtaket kan være til hinder for ei vellukka utvikling av området. I alle tilfelle har Stad kommune, gjennom vedtaket, teke på seg eit stort samfunnsmessig ansvar.

Mellom Kystverket og Stad kommune er det inngått ei avtale som definerer kostnads- og ansvarsfordeling for opparbeiding av, samt framtidig disposisjonsrett til det nye arealet. Her går det fram at Kystverket vil ta kostnadene med opparbeiding av fyllinga. Stad kommune vil sitje igjen med retten til etterbruk av den strategisk lokaliserte tomta ferdig regulert til næringsformål og med moglegheit til å opparbeide djupvasskaier tilknytt denne.

Det er lett å hevde at Stad kommune gjennom dette har «skote gullfuglen» og fått ein unik moglegheit til å revitalisere ytre/søre del av kommunen utan at det vil belaste kommuneøkonomien noko særleg. Oppsida for økonomisk vinst til Stad kommune er stor, tapsmoglegheitene er vanskeleg å få auge på. Ei slik moglegheit kjem aldri igjen, og det er å forvente at kommunen vil nytte situasjonen fullt ut. Her gjeld det å tenkje stort og funksjonelt nok, planleggje rett og handle der etter.

Selje Næringsforening (SN) har over tid arbeida for å få størst moglege nærings- og samfunnsmessige ringverknadar frå Stad Skipstunnel på «ytre/søre»  Påverking av den kommunale planprosessen er eit område SN har konsentrert seg om. Eit anna er å forsøke å skaffe framtidige brukarar.

Hittil har SN registrert 8 bedrifter, både lokale og utanfrå, samt innan fleire næringar som har signalisert interesserte for å etablere seg i Lesto-vika. Dei vil nytte staden som base dersom den framtidige utbygginga vert stor og funksjonell nok.

Dette syner behovet for, og det økonomiske potensialet til ei større utbygging på området. Med bidrag frå hamneavgift og forventa auke i direkte- og indirekte skatteinntekter frå ny næringsaktivitet vert dette ein vin/vinn-situasjon for Stad kommune.

SN har og utarbeida forslag til ei overordna plan for framtidig næringsaktivitet i heile Moldefjorden som fylgje av at skipstunnelen vert bygd. Eit av kriteria har vore å unngå at konkurrerande aktivitet vert lokalisert fleire stader i nærleiken av tunnelen. Eit anna er at nye bedrifter tek utgangspunkt i naturgitte forutsetningar og driv utfyllande aktivitetar. Plana for framtidig bruk av det nye næringsareal rundt tunnelopninga på Eide og på Moldestad ligg no føre, og desse tekne omsyn til i dette forslaget til utvikling av Lesto-vika.

FORSLAG TIL NYE AKTIVITETAR I LESTO-VIKA:

Etter SN sitt syn, kan ei stor og gjennomtenkt utbygging i Lesto-vika være nøkkelen til å snu den negative utviklinga i Seljeområdet som Fjordabladet påpeikar.  Her er forslag til aktivitetar og infrastruktur som kan skape mange nye arbeidsplassar og dermed bør leggjast til rette for i den nye reguleringsplanen for området:

1. Djupvasskaier med tilhøyrande servicefasilitetar:

Næringsaktiviteten i området har i mange år vore hemma av mangel på ei djupvasskai til ålment bruk.

For at reiselivsnæringa skal kunne utnytte den auka trafikken som naturleg kjem ved at Stad skipstunnel vert bygd på ein god måte. Difor foreslår SN at det vert etablert eit «trafikknutepunkt» der det er viktig at fylgjande funksjonar er med:

Anløp- og ventekaier for:

– Små/mellomstore cruiseskip og ekspedisjonsskip.

– Fraktebåtar.

– Det nye hurtigbåtsambandet Bergen – Ålesund.

– Endestasjon- nord, for dei nye båtrutene Florø – Måløy – Selje.

– Ventekai for fiskebåtar og båtar som skal gjennom tunnelen.

Kommersielt servicebygg med:

– Møte-/venterom og sanitæranlegg med god kapasitet og høg standard.

– Kontor for kommunal hamneleiing.

– Kontor for styring av båttrafikk langs kysten og gjennom tunnelen.

Serviceanlegg for bil-, buss- og båttrafikken med:

– Landstraum for båt, batteribytte for hurtigbåtar og ladestasjon for bilar.

– Fylling av bunkers/hydrogen, ferskvatn mm.

– Avfallshandtering, reinhaldstenester og tømmestasjon for bubilar og lystbåtar.

– Parkeringsanlegg for bilar, bubilar  og bussar med god kapasitet.

2.Kombinert hamn for fritids- og mindre arbeidsbåtar.

For at skape eit funksjonell maritimt næringsområde,  er det og viktig at det vert lagt til rette for etablering av:

– Base for båtar i lokal turisttrafikk.

– Beredskapsbåtar for brann og sjøredning.

– Slepebåtar og andre mindre arbeidsbåtar.

– Inntil 5 – 10 større yachtar.

– Inntil 75 mindre fritidsbåtar.

3. Fiskerihamn:

Kystfiskarane har aldri hatt nokon trygg og god hamn på sørsida av Stadhalvøya.

Dette innspelet byggjer på prosessar i Selje kommune gjennom 1990/2000-talet og Sogn og Fjordane Fiskarlag sine planar for ny fiskerihamn i Selje frå 2018.

At denne næringa, av ulike årsaker, i dag står svakt på «ytre/søre», må ikkje brukast mot etablering av ei framtidsretta fiskerihamn i Lesto-vika. Heller ikkje det prisverdig, men midlertidige, tiltaket der kommunen har lagt ut ei ny flytebrygge.

Det er å håpe at kommunen tek ansvaret med å legge til rette for ny giv innan kystfiske i vårt distrikt. Fleire ungdommar her frå har valt å satse på fiskaryrket. 7 av disse har skrive under på eit opprop der dei ber om at Lesto-vika vert utbygd i samsvar med tidlegare planar.  Nokre av dei har allereie bestemt seg for å skaffe seg eigen båt.

Gløymast må heller ikkje den store satsinga på fiskeriutdanning som skjer ved Måløy Vidaregåande skule.  Det er fleire lokale ungdommar som tek den. Noko som gjev håp om ei positiv framtid for denne næringa i distriktet.

For SN tel 15 – 20 arbeidsplassar innan kystfiske like mykje i samfunnsrekneskapen, som tilsvarande innan andre private næringar eller offentleg forvaltning.

4. Industriareal med tilgang til djupvasskai:

Seljeområdet har over mange år hatt mangel på byggeklare næringsareal, særleg til etablering av industri tilknytt marine aktivitetar. Lesto-vika høver svært godt som lokaliseringsstad til slikt dersom aktiviteten vert skjerma for innsyn frå andre aktivitetar som  vert etablert på området.

Dette initiativet tek utgangspunkt i planar om etablering av kombinert fiskerihamn og industriområde frå 1990-talet som førte til eit reguleringsframlegg klart for politisk vedtak i Selje kommune i 2001. Dessverre vart desse «lagt på is». Delvis etter oppmoding frå Kystverket, som bad om utsetting i påvente av ei endeleg avgjer om bygging av Stad Skipstunnel, og delvis på grunn av politiske usemje i Selje kommune.

Aktivitetar som naturleg kan etablerast på eit slikt industriområdet er:

– Mekanisk verkstad for service/vedlikehald av sjarkar, lystbåtar og mindre båtar i kommersiell drift.

– Annan produksjons- og serviceaktivitet med fokus på aktivitet knytt til maritime næringar.

– Kontorbygg.

– Lagerhallar og uteareal.

5. Senter for brannberedskap, ambulanseteneste, sjøredning og kommunal teknisk drift:

Selje sentrum har mangel på areal som kan byggjast ut utan å kome i konflikt med vern av myr og dyrka mark. Kommunen bør difor søke andre stader til lokalisering av aktivitetar som ikkje treng sentrumsnær plassering. Avstanden «Nabben» - Lesto-vika er berre 3,5 km.

Eksempel på slike aktivitetar som med fordel kan plasserast på områdt er:

– Ny brannstasjon som her vil få ei sentral plassering i forhold til det omlandet den skal dekke, inkl. brannberedskapen for skipstunnelen.

– Base for ambulanse- og redningsteneste sjø/land med helikopterlandingsplass.

– Base for kommunalt vedlikehald og teknisk drift.

– Beredskapsbase for drift av skipstunnelen med fokus på oljevernutstyr:

Konklusjon:

Etter SN si meining, vil ei utbygging i Lesto-vika i tråd med vedlagte skisser kunne skape eit næringsmessig kraftsenter som, saman med andre tiltak i tilknyting til at skipstunnelen vert bygd, vil kunne snu den negative utviklinga i Seljeområdet.

Men det krev at dei som bestemmer tek høgde for ei størst mogleg utbygging i den pågåande reguleringsprosessen for Lesto-vika. Samstundes må det dokumenterast behov for so mykje masse som mogleg og argumenterast for at denne vert nytta på ein samfunnsmessig god måte.

Viss ikkje, vert tunnelmassane nytta andre stader, og denne unike moglegheita tapt for alltid.