Innlegget er skrive av Magne Fure, leiar i Stad Høgre:

Eg er glad for å sjå at budsjettframlegget frå SP og AP har avsett midlar til å halde fram med arbeidet. Prosjektet er komt godt i gong, og sjølv om det ikkje er starta med anleggsaktivitet er det mykje arbeid som pågår. Det er mange pågåande aktivitetar som har kostnadar for det offentlege, næringsliv og private.

– Kommunane i området har igongsett eit omfattande planarbeid for å vere klare til å handtere prosjektet og steinmasser frå tunnellarbeidet.

– Privat næringsliv brukar midlar til både reguleringsarbeid og planar om investeringar for å kome i posisjon til å kunne ta i mot tunnelmasser.

– Private huseigarar har selt bustadane sine til Kystverket og er i ferd med å flytte for at arbeidet kan starte som planlagt.

– Kystverket har rigga sin organisasjon til å handtere prosjektet.

Alt dette arbeidet har ein kostnad for den som eig aktiviteten. Vi kan ikkje no gå inn i ein situasjon der arbeidet blir ytterlegare utsett og drege ut i tid. Prosjektet er vedteke gjennomført, så det er viktig å halde kontinuitet og styrefart i tidligfasen, slik at dei involverte og berørde kan jobbe under kjende og forutsigbare rammebetingelsar.

Regjeringspartia søkjer budsjettsamarbeid med SV. Som det kom fram i presentasjonen av SV sitt alternative budsjettframlegg er forslaget å ikkje avsetje midlar i 2023 og utsetje dette til 2024.

Vi set vår lit til at AP og SP held på sitt budsjettframlegg på denne posten, slik at prosjektet kan halde fram utan ei unødvendig og fordyrande pause.