Skrive av Arne Roti, alpinist

Det vert vist til artikkel i Fjordabladet 16.09.2022, der Gunnar Totland Olsen trekk fram forfall ved ulike idrettsbaner i Stad. Dette innlegget gjeld Eid stadion og Eid IL.

Til Fjordabladet er det leiar i Eid IL som svarer på kritikken. I svaret vert det diverre bom på fleire punkt:

Når det gjeld spørsmålet om Eid Stadion eigentleg var eit friidrettsanlegg som seinare vart eit fotballanlegg, så vil eg vise til Prosjektoppgåve i lokalhistorie om Eid stadion frå mai 1997 skriven av Roger Bjørn Haugen og Raymond Aasebø. I oppgåva er Peder P. Oos sitert slik: » I møte i kommunestyret i januar 1946 fekk Eid Idrettslag og Eids Fotballklubb samrøystes beste tilråding på sin søknad til Forsvaret om å leige på 99 år eit stykke av Statens eigedom til idrettsplass. Plassen skulle også nyttast som køyrebane ved hesteutstillingane.» For å få realisert Eid stadion, vart dei to klubbane slått saman 6. februar 1946 og fotball vart då ei gruppe i Eid IL.

Kritikken i avisa er i utgangspunktet av «visuell/estetisk» karakter. I den samanheng er ei problemstilling om Eid stadion historisk er ein friidrettsarena eller ein fotballarena eit blindspor. Eid Stadion ligg tett på E39 ved innkøyring/utkøyring frå Nordfjordeid sentrum,- og såleis svært synleg for ålmenta. Sett m.a frå Gunnar Totland Olsen si side: - så lenge Eid IL driv aktivitet på området, er vedlikehald av heile anlegget også eit ansvar for Eid IL,- uavhengig av kva  grupper som er i laget.

På årsmøtet i 2021 vart det vedteke at friidrettsgruppa ikkje skulle leggast ned, men leiar uttaler:…vi er no komen til det punktet at vi har gitt friidrettsutstyret vårt til Haugen IL». Kva er samanhengen i dette ? Og vidare:» du kan ikkje arrangere friidrettsstemne på grus». Kva halding har Eid IL til friidrett,- og korleis vert friidrett definert ? Eg trur det kan vere på sin plass å minne om korleis Norges Idrettsforbund i lovene § 1-2 definerer formålet for idrettsrørsla: «..alle menneske skal kunne utøve fysisk aktivitet av konkurranse,- trenings -og/eller mosjonskarakter - etter egne ønsker og behov». La dette være ambisjonen også for Eid IL, slik at skuleklassar, fotballspelarar og mosjonistar elles, framleis har eit område for trening og mosjon i sitt nærmiljø. Løpebane kan ein kombinere med ulike treningsapparat.

Då byggjearbeidet på Eid stadion tok til i 1946 nytta ein lastebilar, trillebåre og spade, men viktigast var muskelkraft og mange til å utføre dugnad. Slik er det sjølvsagt ikkje lenger. Det er maskiner og materiell som skal til og då er det pengar som er nøkkelen. Vegvesenet/Mesta har over lang tid nytta området ved klubbhuset til rigg for ny Skipenes bru. Rakk vederlaget frå riggen berre til ein flekk asfalt framfor trappa til klubbhuset ?

Eg vil oppmode Eid IL om å kome ned frå gjerdet, prioritere pengar til grunnleggjande vedlikehald og setje i gang.

Leiar uttaler:» Vi sit på gjerdet og ventar på kommunen …..». Eg vil oppmode Eid IL om å kome ned frå gjerdet, prioritere pengar til grunnleggjande vedlikehald og setje i gang.