Av: Jon Frogner, leiar Stad Venstre

Takk til initiativtakarane, som var godt førebudde. Salen var full av engasjerte bryggjaværingar. Vi folkevalde vart utfordra av fleire argument, som vi tok med oss vidare til Stad Venstre gruppemøte søndag kveld. Eg vil óg takke vår representant Kristianne Nore frå Bryggja i sær, for å tidleg løfte saka i gruppa. Ho er eit godt døme på kor mykje det har å seie å vere involvert i lokalpolitikken. Hennar faglege kompetanse er gull verd for oss.

Når vi som folkevalde står i ein krevande budsjetthandsaming, er det naudsynt å kome i hug det viktigaste økonomiske målet vi har sett for Stad kommune: folketalsvekst. Bryggja kan syne til fleire gode private utbyggjingar av nye bustader, som har gjeve tilflytting. Dei ventar utolmodig på eit nytt kommunalt bustadfelt, for å kunne ta i mot endå fleire innbyggjarar og familier.

Bryggjaværingane tok kampen for å bli ein meir sentral del av Stad kommune, enn det dei såg føre seg i deira tidlegare kommune. Dei ynskjer å ha status som lokalt senter på lik linje med Selje og Leikanger, i staden for å vere lokalt knutepunkt. Eg støttar dei på det, og vil oppmode andre til å gjere det same. Ein skal ikkje undervurdere verdien av ei bygd som jobbar godt for framtida til heimplassen, og nærleik mellom generasjonane i kvardagen.

Det er usikre økonomisk tider, men vi må ta omsyn til at dette handlar om menneske som bur på omsorgssenteret og deira pårørande. Difor er det eit poeng å kunne gjere justeringar i planar og strategiar. Vi er ikkje overtydde om at omsorgssenteret skal leggjast ned, på det grunnlaget vi har sett no. Stad Venstre jobbar med å få budsjettet til å gå i hop, for vidare drift og bruk av Bryggja omsorgsenter. Vi er opne for løysingar frå dei andre partia, og håpar det er råd å bli samde. Om vi lukkast i lag vil tida vise.