Les kommunedirektør Åslaug Krogsæter sitt svar til Rune Bruvoll:

I artikkelen står det også at det er mange folk som meiner det same, men som ikkje torer å seie frå.

Dette må vi sjølvsagt ta på alvor.

I september vart Stad kommune kåra til den 9. mest opne kommunen i landet. Kåringa vart gjennomført av Kommunal Rapport i samarbeid med Norsk Presseforbunds offentlighetsutvalg. Denne plasseringa er vi stolte av og vi meiner at vi over tid har jobba godt med å legge til rette slik at informasjon om politisk aktivitet og postlista skal vere lett tilgjengeleg for alle. Det vi vart målt på i denne undersøkinga var mellom anna:

– Responstider på innsynskrav.

– Søkefunksjonar på kommunen si postliste.

– Om kommunen har fulltekstdokument på postlista.

– Om nettsida har kontaktinformasjon til politikarar.

– Om kommunen har byggesaksarkivet på nett.

– Om kommunen informerer om innsynsretten etter offentleglova.

– Om organinterne dokument vert journalførte på postlista.

– Kor kjapt politiske saksdokument og vedtak vert publiserte på nettsida.

– Om SMS vert journalført.

– Kor langt tilbake postlistene går på nettsida.

– Om postlistene til kommunale føretak vert publiserte på nett.

På nettsida til Stad kommune vil alle innbyggjarar finne ein oppdatert politisk møtekalender med datoar, sakslister og protokollar for til saman 20 styrer, utval og råd.

Blant dei mest sentrale er Utval for areal og eigedom, Utval for helse og omsorg, Utval for kultur, idrett, samfunn og næring og Utval for oppvekst og opplæring, Stad formannskap og Stad kommunestyre. I desse til saman seks politiske utvala og styra så er det i 2022 sett opp 46 møte.

Sakslistene til dei politiske møta vert som hovudregel sendt ut og gjort offentlege på nettsida til kommunen ei veke før møta vert gjennomførte. Protokollar for gjennomførte møte vert som hovudregel offentlege same dag/kveld som møta vert halde. Samstundes som dei vert offentlege på nettsida vert det også lagt ut informasjon på Stad kommune si facebookside.

For å gjere møta i formannskap og kommunestyre endå meir tilgjengelege så vert desse møta sendt direkte på nett. Lenkje til desse direktesendingane finn du også på nettsida til Stad kommune. Sendingane vert også lagra, slik at du kan spole att og fram og sjå møta når det måtte passe. Møta er sjølvsagt opne for publikum.

Den politiske møteaktiviteten i Stad kommune er omfattande, og vi forstår at det kan vere utfordrande for fleire å orientere seg på ei nettside eller på Facebook. Ikkje alle har datamaskin, nettbrett eller smarttelefon heime. Ikkje alle er på Facebook heller. At mykje informasjon er på nett kan vere ein terskel for mange.

Men det er mogleg å få hjelp!

– I resepsjonen i Stad rådhus kan du få hjelp til å finne fram på nettsida til kommunen. Vi har ein publikums-pc og flinke folk som kan vise deg. Du kan også få utskrift av saksdokument og protokollar. Om du ikkje kan kome til rådhuset er vi tilgjengeleg per telefon. Sentralbordet i kommunen har telefontid kvar dag mellom kl. 09.00 – 15.00.

– I Stad bibliotek på Nordfjordeid og i Selje kan du også få hjelp til å orientere deg på nettsida. Publikums-pc er tilgjengeleg begge stader.

– Frivilligsentralane på Nordfjordeid og i Selje arrangerer med jamne mellomrom digitreff - hjelp til data, nettbrett og smarttelefon. Dette er flotte tilbod som vi oppfordrar dei som treng det til å nytte seg av.

– Vi oppfordrar også alle innbyggjarar om å hjelpe kvarandre i ei tid der mange offentlege og private tenester vert digitaliserte.

Vi har merka oss at innbyggjaren i Stad kommune ønsker at kommunen annonserer i lokalavisene når det skal vere politiske møte. Dette er ein praksis som vi slutta med for nokre år sidan, fordi vi meinte at informasjonen var lett tilgjengeleg på nettsida til kommunen.

Ein annonse i lokalavisene kvart halvår med oversyn over den politiske møtekalenderen er likevel eit enkelt tiltak som vi kan starte med frå 2023.