Dette innlegget er skrive av Åge Starheim, som ein protokollmerknad til vedtak i Stad kommunestyre:

Eg skjøna at det var frustrerande å oppleve at alle lokalpolitikarane i Stad kommune til slutt måtte bite i det sure eple og å røyste for noko som dei helst hadde sett at dei skulle ha hatt politisk evne til å sleppe, på eit langt tidlegare høve. Det er alltid flaut og bittert for politikarar å måtte innsjå at evna til å tenke og føreta grep tidlegare ikkje var til stades. Dette opplevde heile kommunestyre i Stad kommune på sist kommunestyremøte.

Dette var så flaut og bittert at nokre av lokalpolitikarane i Stad kommune ikkje greidde å leve med det. Representantane frå Frp, Krf og SV kom då på den glupe ideen at å levere inn ein protokollmerknad kunne få innbyggjarane i kommunen til å tru på at det ikkje var dei som hadde mista evna til å tenke, men at det var kommunedirektøren som ikkje tidsnok hadde fortalt dei kva dei kunne ha gjort tidlegare, men som dei ikkje hadde evna å kome på sjølve.

Sanninga er at kommunedirektøren kun har utført det som politikarane har vedteke frå første gong sak om nye kontor til legane og helsepersonell i Selje var til politisk handsaming. Det var då politikarane burde evna og innsett at det ville bli betydeleg mindre kostbart å benytte allereide ledig areal på kommunehuset i Selje til slike kontor.

Den innleverte protokollmerknaden som kommunestyrerepresentantane frå Frp, Krf og SV i Stad vil derfor for all framtid stå for meg som eit døme på talentlause politikarar som har eit mål og det er å forsøkje å unngå at veljarane deira vil skjøne at dei totalt manglar evne til å føreta riktige politiske beslutninga på riktig tidspunkt.

Eg trur desverre for dei så er situasjonen slik at veljarane i Stad kommune for lang tid sidan har innsett nivået på sine lokalpolitikarar.