Av prosjektgruppa i Stadlandet IL: Odd Helge Losnegard, Sveinar Leikanger, Ingolf Pettersen, Kristoffer Vårdal og Eivind Holmboe:

Vi har etter sist gang bassengsaka var oppe i kommunestyret jobba videre med forslaget vårt. Vi har henta inn prisar og laga eit forslag til modell som vi ynskjer å presentere for kommunen.

For at vi skal få til slike prosjekt utan at det går utover andre tenester i kommunen så må vi tenkje annleis med tanke på korleis vi finansierer nye prosjekt. Det kostar ikkje Stad kommune noko å ta med forslaget vårt i den vidare prosessen. Vi trur vidare at det å låse bassenget til ein gitt lokasjon gjer at ein hindrar gode alternativ som er sterkt kostnadssparande for kommunen, slik som til dømes det vi har.

Det lokale næringslivet har signalisert at dei stiller seg veldig positive til eit slikt prosjekt og dei er klar til å innleie eit samarbeid dersom det blir vedtatt at vi kan gå vidare med prosjektet.

Stadlandet har opplevd ei sterk vekst dei siste åra. Barnehagen har blitt bygd på to gonger for å kunne huse alle borna våre. Skulen vår er og ein av få skular i kommuna der det er forventa vekst og den er allereie større enn det som var forventa i 2020. (ref artikkel i Fjordenes Tidende i 2020 der det vart sagt at det kom til å vere 118 elevar i 2025. Det er det allereie i dag). Idrettslaget veks, næringslivet blomstrar og folketalet aukar.

På Stadlandet har vi hatt mange gode prosjekt dei siste åra som har gjort område rundt skulen og barnehagen til eit attraktivt samlingspunkt for innbyggarane. Tennisbane, skate-park, hinderløype og sandvolleyballbane er nokon av tilboda som ligg ved sida av tomta ein kan byggje basseng. Alt dette bidreg til større bo-lyst i ytre.

Stadlandet Idrettslag skal i eigen regi byggje ein kombihall på Leikanger. Å byggje bassenget saman med hallen vil drive kostnadene vidare ned og skape ein endå meir attraktiv arena for alle i ytre.

Vi ynskjer at kommunestyret stemmer for forslaget at kommunedirektøren går i dialog med oss slik at vi kan vise korleis vi kan realisere eit basseng på 25 mtr til en akseptabel kostnad.

Vi håpar politikarane ser på økonomien til kommuna og ser gode alternative metodar for å realisere basseng for å dekke opp den lovpålagte symjeundervisninga.