Skrive av: Odd Skrede, Førde, pensjonist og samfunnsdebattant

Minstepensjonistar og EU si fattigdomgrense

Vi har høyrt det nokre gonger no at vi må få prisstigninga under kontroll og stramme inn i Statsbudsjettet for 2023. 320 oljemilliardar strøymer ekstra inn i statskassa i år.

No tek fleire økonomar til motmæle. Blant anna har det vorte uttalt at rundt rekna 30 milliardar i ekstra offentleg forbruk, fører til mindre enn 0,1 prosentpoeng auke i prisane på kort sikt. Regjeringa kan såleis bruke meir pengar på fattige og omprioritere utan å setje i gang eit rentesjokk.

Pensjonistranet på 2 milliardar kroner som vart føreteke av Regjeringa minte eg statsmini-ster Jonas Gard Støre om, då han var på besøk i Førde 22.november. Han var heilt ueinig med meg i dette, og prata om fleire gode ting dei hadde brukt desse milliardane til.

Det var ei dårleg unnskyldning statsministeren her kom med. Om desse midlane vart brukt til noko heilt anna enn dei var tiltenkt, så kom dei ikkje dit dei skulle, ikkje minst til minstepensjonistar/uføretrygda og andre pensjonistar. I dag er det mange av dei eldste/eldre som er minstepensjonistar, og serleg kvinner. I tid tilbake var det ikkje så vanleg at kvinnene var ute i lønna arbeid, og dessutan var dei opptekne med mykje omsorgsarbeid. Gjerne først med sine eigne foreldre, (omsorgsentra var ikkje serleg utbygde i kommunane) og seinare eigne born. Det er ikkje så mange år sidan at ein fekk vedteke godskrive pensjonspoeng for omsorgsarbeid. Og det er ikkje så svære prosentar dette gjev i dag.

Ein einsleg minstepensjonist har kr. 17.458,- pr. månad, ein årspensjon på kr. 209.500,- På spørsmål om Støre meinte det var greitt at desse gruppene skulle leve under fattigdomsgrensa for EU, svarte han ikkje på. Virka ikkje som han hadde noko interesse for det heller. Tal som ein finn på nettet, er fattigdomsgrensa i Norge på kr. 247.600,- EU si fattigdomsgrene er på kr. 260.100,- i 2022. Det er sørgeleg tal for minstepensjonistar i Norge. Ikkje rart at matkøane aukar utanfor fattighusa. Er det slik vi skal ha det i Norge inn i framtida statsminister Støre ?.

Eg har ved eit innlegg på ein link på fb gjort forslag om at minstepensjonistar og uføretrygda burde få kr. 10.000,- i ei ekstra løyving frå Regjeringa i desember månad i år.

Dette som ein kompensasjon for den ville prisstigninga, og dei kunne fått ei litt betre julefeiring i eitt av verdas rikaste land. Her er framleis tid til å utbetale dette til jul.

Regjering og storting løyvde seg sjølv kr.  88.693,- i tillegg på årsløna. Såleis er lønna til stortingsrepresentantane komen opp i kr. 1.064.316,- Det er noko skilnad, å leve på ei stortingsløn og dei som må klare seg på ein minstepensjon. Det meiningslause lønnstillegget for stortingsrepresentantane, har ikkje det innverknad på inflasjonen ?.

BSU – Bustadsparing for dei unge under 34 år

Her har vore ei god spareordning for dei unge til å spare til eigen bustad. Det har vore ei god ordning og vore ei gulrot for dei unge til å få eit skattefrådrag på kr. 5.500,- Nei no har statsbudsjettet lagt opp til at heretter skal dei unge ikkje få meir enn kr. 2.750,- årleg skattelette. Økonomiske ekspertar har rådd ifrå, at denne ordninga ikkje måtte opphøyre, før ein hadde noko betre å tilby. Nei Regjeringa Gard Støre / Slagsvold Vedum, veit betre og får det gjennomført. Sparar inn på statsbudsjettet ca. 600 millionar kroner. Dei unge må svi, og dette er ei dårleg nyttårshelsing. Det vert hevda at det er ungdom med rike foreldre som gjer seg nytte av dette og ikkje har behov. Ja sjølvsagt er her slike og, men ungdom på det jamne har nytta denne spareforma. Og dette er viktig i ei tid, der det vert stadig vanskelegare å komme seg inn på bustadmarknaden, med dei bustadprisane vi har. Eg kan no i same slengen spørre kva tiltak Regjeringa vil sette  verk, med å få tilbake den sosiale bustadbygginga og ikkje late marknadskreftene dominere lenger i Norge. Får eg eit skikkeleg svar på dette tru?

Høgre må berre ikkje briske seg

No må ikkje Erna Solberg / Olve Grotle og andre høgrefolk briske seg om eg har teke eit oppgjør med AP-regjeringa. Om høgre hadde fått styrt, hadde det vore endå verre. Det har vi fått følt etter 8 år med høgrestyre. Høgre måtte følgje opp sine vallovnader med milliardar i skattelette til dei aller rikaste her i landet. No er desse på skatteflukt ut av landet. Norge har etter krigen, lagt godt til rette for næringsutvikling, slik at desse kunne skape seg milliardformuar. «Så takk gamle mor Norge og farvel». Ei skam spør du meg.

I møte med Jonas Gard Støre sa eg at eg tillet meg å kalle meg for ein ekte sosialdemokrat.

Med 64 års medlemskap i LO /Handel og Kontor og 58 år medlemskap i Det Norske AP.

Eg har følgt både oppturar og nedturar i AP, heilt tilbake til Einar Gerhardsen si tid, men slik tilstand som no, har det aldri vore. AP har nok gjennomført ein del bra tiltak. Men Partiet får det ikkje fram. AP er elendige på kommunikasjon, og eg rår Partileiinga til å ta seg kurs i kommunikasjon, og prate så vanlege folk forstår dokke.

Norge eitt av verdens rikaste land, og må kunne få bukt med fattigdomen i landet. Med den politikk som både høgrekreftene fører og som AP har lagt opp til no, så vert dette berre tåkeprat. Nei skal vi få gjort noko med dette, må politikken dreiast til venstre for AP.

No har vi kommune- og fylkestingval til hausten. Det vil nok vere avgjerande kva slags program det enkelte parti har. Men hugs at vi er no over ein million alderspensjonistar her i landet, og vi er aukande og den største gruppa av enkeltveljarar. Pensjonistranet er ikkje gløymt til hausten. Og så håpar eg at vi får sjå våre lokalpolitikar og fylkespolitikarar vere aktive. Vi treng ikkje så mykje av rikspolitikarar i manesjen til våre lokale val.

Eg reknar med at eg no får på pukkelen av partifeller for eg talar Ap og Regjering midt i mot. Men eg toler det, ei røyst frå grasrota. Det hjelp ikkje å gå rundt å mjaue som katten å krype inn under varme omnen, og la humla suse. Her hjelp det ikkje med kattevask, her må husvask til.