Av Tora Hodneland Kildehaug og Elias Eide, fylkestingsrepresentantar og medlemmar i hovudutval for opplæring og kompetanse:

I dag står det 2500 tomme skuleplassar i Vestland. Dette er eit tal som har auka mykje dei siste åra. Om ti år vil dette talet doble seg – til 5000 tomme plassar. I dag kostar dette mange hundre millionar kroner, som heller burde blitt brukt på tiltak som auka kvaliteten på opplæringa for elevane. Fleire lærarar i klasseromma, fleire tiltak for å fremme psykisk helse, tiltak for hybelbuarar og helsesjukepleiarar er noko av det vi skulle sett det var større rom i budsjetta for å prioritere.

Så må vi ha nokre ledige plassar slik at elevane har høve til å ombestemme seg, men det vil vere uforsvarleg å styre mot 5000 ledige plassar utan å gjere grep. For skal ein sikre eit godt og likeverdig tilbod for alle elevane våre må vi ha politikarar som er villige til å gjere grep basert på dei utfordringane vi står i. Vi veit at det blir ein nedgang i elevtala, for dei som skal gå på vidaregåande om ti år er allereie fødde. Vi veit at fleire ønskjer seg å gå på yrkesfag, og det er noko vi også ynskjer for å møte næringslivet sine behov. Men det er ikkje verken økonomisk eller fagleg forsvarleg å oppretthalde klassar der det kun pultane er og forblir tomme.

Hovudfokuset i den nye skulestrukturen må vere for elevane sitt beste. Då må innhald og kvalitet vege tyngst. Det er ingen som ynskjer å legge ned skular, men det er ein utopi at skulane framleis kan halde fram som før når det til slutt ikkje er elevar til å fylle klassane. Men vi har – og skal framleis ha – eit desentralisert skuletilbod. Men i framtida må dette løysast med endå tettare samarbeid mellom skulane.

Vår største bekymring i dette arbeidet er at politikarane ikkje tørr å ta dei tøffe vala som er nødvendig å sikre eit framleis godt og forsvarleg tilbod i heile Vestland. Alt for mange har signalisert at dei helst berre vil halde fram som før. Men det er både uansvarleg og svært lite framtidsretta. For det siste vi treng er å skuve på problemet slik at dette blir ei sak som må opp på nytt etter kvart einaste val. Det er ingen tent med, og i alle fall ikkje elevane.

Skulestrukturdebatten vi står i no handlar om framtida, og då er det ikkje alltid gårsdagens løysingar som er svaret.

Høgre, som det største partiet på fylkestinget, har invitert alle dei andre partia til å prøve å samle oss om eit breiast mogleg forlik i denne saka, som kan stå seg over tid. Berre slik unngår vi stadige omkampar og uvisse. Ein skulestruktur som kan stå seg over tid er det beste for alle, men aller viktigast for elevane. Og det er jo trass alt dei vi driv med skule for.