Skrive av styret Stad MDG ved Kristian Starheim

Dei siste dagane har debatten om oppdrett i Nordfjorden igjen gått varmt. Denne debatten er viktig for oss som bur kring Nordfjorden. Den handlar om meir enn om Nordfjorden skal vere eit fint postkortmotiv eller ikkje. Den handlar om korleis vi skal forvalte ressursane våre så komande generasjonar skal ha same moglegheitene som oss sjølve.

Oppdrettsnæringa er ei viktig næring langs kysten. Den gir både verdiskaping og arbeidsplassar. Dyktige tilsette gjer ein god jobb med å gi sunn mat på tallerkenar over heile verda. Det skal dei vere stolte av. Men dei fleste av oss har også vorte kjende med oppdrettsnæringa sine negative konsekvensar.

Lakseoppdrett trugar villaksen gjennom rømming og sjukdomar. Store anlegg legg beslag på område som innbyggjarane har nytta til matauk og fritid. Lokal forureining og støy har følgt med på lasset. Oppdrettsnæringa har ikkje alltid vore ein påliteleg samtalepartnar for lokalsamfunna. Ettersom profitten gjekk opp auka problema. Oppdrettsnæringa har eit tillitsproblem – og det kan dei takke seg sjølv for. Mange lokale tilsette brenn for bygda og for jobbane sine – og det er bra. Men bedriftene har først og fremst ansvar for aksjonærane sine. Slik er forretningslivet. Men vi må ikkje tilsløre at dette gir reelle interessekonfliktar mellom ei stor næring og små lokalsamfunn. Pengane har rådd, og når lokale eigarar vart erstatta av store konsern var profitten viktigare enn lokal tilknyting og berekraft.

Skal vi sjå på kva oppdrettsnæringa gir oss og kostar oss må heile reknestykket med. Fellesskapet sit at med ein stor del av rekninga for forureining, skade på økosystem, og opprydding etter at verksemda er avvikla. Andre verdiar, som redusert tilgang til fiskeplassar og fritid er vanskelegare å kvantifisere. Men bekymringane frå innbyggjarane på Dombestein gir liten tvil om at dette er viktige verdiar.

Torskeoppdrett er eit relativt nytt kapittel i oppdrettssoga. Det er positivt at næringa kan gå i fleire retningar enn berre laks. Men også torskeoppdrett har sine problem:  sjukdomar, rømming og dyrevelferd. Gjennom røming og spreiing av melke frå merdane blandar oppdrettstorsken seg med den sårbare kysttorsken. Vi må lære av erfaringane frå villaksen før desse problema set nok ein villfiskstamme i fare.

Vi i miljøpartiet er ikkje imot oppdrett. Men vi meinar naturen si tolegrense må vere rammene for næringa. Eit godt gammalt ordtak er å etterlate eigedomen i betre stand enn ein fekk den. Dette fortener eit nytt innhald for ei ny tid. Teknologien har gjort oss i stand til å påverke naturen i så stort monn at vi risikerer å gjere permanent skade på økosystema vi har ikring oss. Tap og forringing av leveområde er den viktigaste årsaka til den globale nedgangen i dyreliv over heile verda. Når klimaendringane aukar på vil dette berre akselerere.

I ei verd med auka behov for mat vil verdien av økosystema langs norskekysten berre auke. Vi kan gjere vårt for at dei framleis kan vere ein kjelde til fisk også i mange generasjonar framover. Då må vi stelle godt med dei. Eigentleg er ikkje dette noko nytt – fiskarane i Nordfjord erfarte dette allereie med sildeeventyret på 50-talet. Det var for godt til å vere sant. Ny fangstteknologi og trua på at havet var utømmeleg gjorde at bestanden kollapsa. Fleire tiår med strenge reguleringar var nødvendige for at sildefisket igjen skulle gi gode jobbar.

Vi som bur kring Nordfjorden har ansvaret for å forvalte skal vere ein ressurs også for komande generasjonar. Då må vi ha ei mentalitetsendring. Forvaltinga av våre felles ressursar er nøydd til å ha eit langsiktig perspektiv. Det handlar ikkje om postkort mot arbeidskle, men at dei med arbeidskle skal ha jobbar som gangnar lokalsamfunna sine også på lang sikt.

Stad MDG foreslår difor nokon køyrereglar for utviklinga av havbruket i og kring Nordfjorden.

For det første må berekraft vere rammene for oppdrettsverksemda i fjorden. Ny næringsverksemd må vurderast i høve til fagleg kunnskap om kva naturen toler. Desse analysane må gjerast av upartiske fagfolk. Vi må sørge for å ha eit solid kunnskapsgrunnlag om ressursane i fjorden, inkludert ei sårbarheitsanalyse for naturområde og artar.

For det andre må kommunane kring fjorden forvalte dei felles ressursane i fellesskap. Fisken er dårlege på kommunegrenser, og eit anlegg i ein del av fjorden påverkar resten. Kommunane må søke saman og danne eit felles forvaltingsorgan for våre felles fjordressursar.

For det tredje må lokale naturinteresser ha vekt i prosessane. Bygdefolket betalar ofte prisen for anlegga, og deira stemmer, interesser og verdiar er viktige. Prosessane må vere transparente.

Og til sist skal det vere ein reell gevinst med å drive berekraftig i Nordfjord. Sjøområda våre er ein verdifull ressurs. Dei som satsar berekraftig og møter miljøkrava skal ha gode tilhøve for drift i Nordfjord.