Skrive av Geir Årvik, avtroppande politikar i Stad
No er det kanskje dei som vil hevde at eg ikkje ikkje er heilt objektiv i mitt syn på tilstanden i den nye kommuna sidan eg har vore med på den politiske prosessen som førte til samanslåing av Eid og Selje. Ei samanslåing som eg meinte då og framleis meiner er riktig.
Eg har vore delvis med i politikken i Selje sidan 1999. I åra 2003-2015 som varamedlem til KS og medlem av bl.a kontrollutvalet, men dei andre tre periodene som fast medlem av KS i tillegg til andre utval.
Dei som hevdar, eller trur, at alt var så mykje betre før, tek feil på ein del sentrale punkt. Selje kommune sin økonomi, eller snarare mangel på økonomi, gjorde at vi var sett på Robek lista, dvs under statleg administrasjon sommaren 2014. På denne lista var vi fram til sommaren 2017.
Hausten 2016 ville Fylkesmannen i Sogn og Fjordane slå oss samen med Vågsøy. Som alle veit, enda dei samtalane/ forhandlingane med brot, og ein vende seg då til Eid. Dette med bakgrunn i at konklusjonen var at for Selje var det ikkje noko alternativ å stå åleine.
Vi er nøydde til å ha ha med dette bakteppet når vi no diskuterer misnøye i ytre del av Stad kommune. Misnøya frå enkelte har vore der lenge før den nye kommuna såg dagens lys. I 2021, altså mindre enn 2 år etter at vi vart Stad kommune, var misnøya/ mistilliten så vidt mykje større i ytre del at den vart eige tema på eit kommunestyremøte i 2022. Den mest innbitte må vel innrømme at dette ikkje skuldast den nye kommuna, men er eit uttrykk for generell misnøye som var der før vi vart Stad. Så beklagar eg om vi som politikarar har skapt ei forventing om at med ei samanslåing ville alle problem vere løyste. Dessverre er utfordringa til kommune Norge ikkje løyste kun gjennom samanslåingar, men dei blir meir løysbare. Vi må alle ta inn over oss at vi kommuneøkonomien er utfordrande, og dette vil naturleg gje seg utslag i kva vi kan tilby korhen.
Ser ein på kva som har skjedd dei siste åra i ytre del av Stad, kan nemnast nytt helsehus i Selje, ny brannstasjon på Stadlandet. Endeleg, etter eg veit ikkje kor mange politske debattar, etablering av fiskerihavn for kystvflåten på Lesto. Industriområdet på Sjåstad er ferdig (så langt) og husar ein aktivitet vi ikkje har sett maken til. Eg seier ikkje at sistnemnde er kommuna sin fortjeneste. Fyrst og fremst er det eit framoverlent næringsliv sin fortjeneste, men med kommuna som støttespelar. Diverse reguleringsplaner er i sving, og då har eg ikkje nemnt alt arbeidet, både politisk og administrativt som er lagt ned mtp Stad skipstunnel.
Så er det slik at i denne prosessen som i alle andre kan det skje feil. Kanskje kunne fleire arbeidsplassar ha vore igjen på kommunehuset i Selje, men med ein ustabil kommuneøkonomi er det ikkje det som er det viktigaste for god samfunnsutvikling. Det viktigaste er at vi har klart å oppretthalde tenetetilbodet innafor både helse og oppvekst. Det er her vi vil sjå dei verkelege utfordringane i åra som kjem, og det er gode tilbod her som gjer at vi kan skape bulyst og trivsel. I tilegg må vi ha ressurar på plan-og byggesaker slik at ikkje utvikling stoppar opp. Vi må skape varige arbeidsplassar innanfor det private næringsliv og ikkje satse alt på arbeidsplassar som er avhengige av kommunale budsjett.
Om vi ynskjer folk hit, må vi snakke fram alt som er bra i staden for å dyrke dei tinga som ikkje er optimale. I tillegg må nokon og ein kvar realitetsorientere seg på kva kommuna faktisk kan løyse og kva vi må ta fatt i sjølve. Dette uavhengig av kvar ein bur i Stad.